Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.  Alle foto: Fred Ingar Somby og Knut Hustad.

003b
Ikkje akkurat vinter og snø, men Fred Ingar (Somby)er likevel nok ein gong klar for ein skitur. Her ser vi han på Heimste Holen i Bondalen.

For meir detaljar om ruteval, klikk her. Denne gongen var det nok ikkje Fred Ingar som pressa på for å få til akkurat denne fjellturen på ski.  Nei, underteikna må bere ansvaret åleine for det som var planlagt nærast som ein rein fototur med ski, snø, grøn dal, blå fjord og kvite toppar - ulike fotomodellar hadde eg også tenkt på.  Valet fall altså til slutt på Fred Ingar sjølv om han ikkje nyttar raud kjole.  Men hjelmane let vi ligge att - vi har sett på Grand Prix at det er viktig med vind i håret.

006b 010b
Rett nok litt varierande snøforhold første strekninga etter Årskogstøylen, men vi kunne ta på ski allereie på ca. 500 høgdemeter. Dei tre toppane til venstre på foto til venstre er Søre, Midtre og Nordre Grøtdalstind.

La oss nok ein gong starte med konklusjonen: Store soler på yr.no hindra ikkje at skodda seig innover toppane akkurat då vi var der.  Dermed vart fototuren nærast ein rein fiasko, men du verden for ein vårskitur - eller skal vi seie sommarskitur? - det vart.  Denne turen må verte ein av klassikaren seint på skiåret.

104 (2)b 007
Er det nokon som kan hjelpe til med namn på fonna som  hadde gått stor ned frå Grøtdalstindområdet og nærast ned til Årskogstøylen?  På foto til høgre ser vi at Holekonvatnet, som ser svært djupt ut om sommaren, sikkert var tømt for vatn av ei fonn.

021b
Fjord, grønd dal, snø - og snart kjem skodda skikkeleg. Men  for den som likar fine nedrensler vart dette ein flott dag.

024
Her er det ein fordel å vere lokalkjend for å finne fram.  Nordre Grøtdalstind rett fram. :).

I dette fjellområdet, aust-/nordaust for Grøtdalstindane, er det mykje snø - og skavlar.  Men dei utoverhengande snøskavlane hadde no rasa ned og vi tok sikte på Knuterenna/gjelet som kjem opp mellom Midtre- og Søre Grøtdalstind. (Namnet Knutrenna er etter Knut J Riise, også kalla Larsa-Knut.)  Den siste strekninga gjekk vi opp med skina på sekken. I fylgje Fred Ingar sine fagmessige målingar med clinometeret er denne renna mellom 40 og 42 grader bratt.

_igp5108b - Kopi
Foto:  Fred Ingar Somby våren 2009.  Vi gjekk opp raud strek og bar ski frå der den raude streken får ein knekk.  Blå strek syner nedrensla.

026b
Nei, ikkje det beste fotovêret, men snøen var i alle høve fast og fin med ei ca. 10 cm lausare topplag.  Vi skimtar skaret mellom Midre- (til høgre) og Søre Grøtdalstinden (til venstre).

113b
Eit tøft foto av Fred Ingar frå Midtre Grøtdalstinden.  Underteikna er på veg opp Knutrenna.

115b
Foto mot Nordre Grøtdalstind, men sjølv om underteikna ser lite fortener eg ei pause her på Midtre.

033b 034b
Kanskje ikkje så ofte at folk renn ned frå toppen av nokon av dei tre nemnde tindane, men Fred Ingar tek her fart ned frå Midtre...

038 (2)
Her skulle vi sjå Bondalen og Kvistaddalen i bakgrunnen, men skodde i eit flott område skaper også stemning. Omtrent midt på fotoet ser vi Porten(Himmelporten).

049 119b
To foto frå det som vert rekna som "hovudtoppen" av Grøtdalstindane.  Fred Ingar konstaterer at han er den første som skriv seg inn i boka dette året, (Har boka vore nedsnøa?) og underteikna markerer toppen.  (Vi skimtar litt av Midtre i bakgrunnen)

Øvst i Larsa-Knutrenna var det ein liten skavl, ikkje meteren høg.  For Fred Ingar var det sjølvsagt ingen problem med å renne utfor denne kanten, men underteikna var aldri så lite nervøs.  Sjølvsagt kunne eg bere skina over kanten, men då hadde eg fått høyre det... Ok, eg tok sats eg også, det gjekk fint og turen ca. 800 høgdemeter nedover var - ja, berre prøv sjølv....

058 (2)b

060b 126b_edited-1
Til venstre renn Fred Ingar ned i skoddeheimen, på foto til høgre er underteikna på veg ut av han.

127B_edited-2
Nordre Grøtdalsind til høgre.

071b 074 (2)
Sæbø i bakgrunnen

077b

132B_edited-1
Utsikta er ikkje noko å klage på.  Og skodda er i ferd med å forsvinne.

089 (2)b 137b

099b 145
Som sagt - ned mot Årskogstøylen var skiføret varierande.

Og halvtimen etter at vi var nede igjen var på skodde og skyer borte vekke...

Takk for turen.