Det er sjelden det står så mange bilar i fergekø i Volda til Lauvstadferga, men når Dalsfjord inviterer til turnering på den flotte kunstgrasbana si så vert det kø, ja nesten kaos. Eg og Volda sin lagleiar stod på fergelemmen for å telle spelarar, og siste bilen som kom med var vår sjuande spelar. Vi pusta letta ut og fyllde salongen med ivrige og spente fotballspelarar. Turen over nytta vi til draktutdeling og påfølgande skifting. Få av oss visste kvar bana var, så vi konkluderte med at det var berre å følge køa. Men det fungerte ikkje så bra for alle, så nokre (Therese og Kolbrun/ Øystein)fekk seg ein ekstra biltur på Lauvstad. Men alle var på plass til første kamp.

004
Her står spelarane våre klare til å helse på Hareid. Det er Nikolay, Vegard, Vetle, Gaute, Joakim, Rugile og Kristianne.
Denne kampen tapte vi, men det var ein knepen siger til Hareid og vi skåra fleire mål.
005
Og etter kampen så takkar vi for kampen.

Neste kamp var mot heimelag og arrangør Dalsfjord. Og då fekk oppleve noko nytt for oss, vi leda med så mange mål at motspelarane måtte sette inn ein ekstra spelar.
006
Rett etter kampen mot Dalsfjord.
007
Og som Dykk ser så var gleda stor over vår aller første seier. Den smakte kjempe godt, både for spelarane, foreldra og ikkje minst meg som mor/ trenar og oppmann.

Så spelte vi kamp mot Ørsta og Volda. Som desverre vart tap, men ikkje så gale og vi skåra opp til fleire mål i begge kampane.
Siste kampen fekk vi starta litt før tida, her var det kloke foreldre som ville prøve å komme seg avgarde tidleg for å sikre seg plass på ferga. Så i det dommaren bles av kampen så var det for spelarane å skunde seg å takke for kampen før vi sprang om kapp til bilane.

Aksjon bilder frå kampane vart det desverre lite(ingenting) av, fotoapparatet låg i jakkelomma mi. Og når eg skal rope/ skrike og gi instruksa så vart fotografering gløymd.

Og på Lauvstad vart fergekøa laaaaaaaaaaaang, berre sjå:
011
Og frå svingen gjekk køa vidare slik:
015
Det store samtaleemnet var kor mange bilar ferga tok, om ein kom til å få vere med og evnt om ein skulle køyre rundt. Trur at dei fleste fotballspelarane fekk vere med ferga, men det vart attståande nokre bilar.
013

017
018
Som Dykk ser så var det fullt på ferga.

Tusen takk for ein kjempe kjekke dag til spelarar, motspelarar og foreldre. Neste helg er vi klar for Kiwi- cup i Ørsta, då skal alle 4 laga til Barneidretten i sving. Så då vert det meir HEIA SÆBØ, HEIA SÆBØ!!