Notanaust med båtborda

Notanaustet har no fått ny vegg av gamle båtbord.

Guro 
Håvik

Artisten Guro Håvik, ein frontfigur frå
Team Simone, skal framføre songar frå
hennar nye CD.

Festspeldiktaren i Notanaustet på Bjørke fredag 25. juni.

 

I år vert det ord og tonar i det nyrestaurerte notanaustet på Bjørke. Festspeldiktar Rønnaug Kleiva vil ta del med høgtlesing frå forfattarskapet sitt. Eit besøk til Bjørke og Notanaustet denne fredagen vil gje publikum høve til å høyre festspeldiktaren i ei heilt spesiel setting. For ikkje å snakke om dei vakre kulissane ein finn ved fjorden på Bjørke. Rønnaug Kleiva har vakse opp på Vartdal, men dette er kanskje fyrste gongen ho er på Bjørke.

Guro Håvik med sine dyktige musikarar skal framføre songar frå hennar nye CD. Guro treng ikkje nærare omtale, ho var ein av frontfigurane til Team Simone under Det store korslaget no i vinter på Tv2. Ho i Høydalen, mest nabobygda til Bjørke, Guro er flott døme på våre eigne som har vokse opp med nynorsken og som nyttar målet sitt i utøving av sin kunst.

 

Notanaustet som kulturarena.

Fylkesmannen i MR 2010

Fylkesmann Lovde Solholm
skal stå for den offisielle
opninga av Notanaustet

Notanaustet på Bjørke vart mykje skada under orkanen i 1992. Etter mange år med forfall, tok Hjørundfjord kulturvernlag tak i arbeidet med restaurering av notanaustet. No er det ført tilbake på murane, det er lagt golv, veggane er nye, eller delvis av gamle båtbord og to notbåtar er komne på plass ilag med not. Notanaustet er eit grindebygg, difor vart ikkje sjølve konstruksjonen øydelagd. Naustet er det største notnaustet på Sunnmøre.

Fiske var viktig attåtnæring og dermed ein del av bygdekulturen, så notanaustet fortel ei historie i seg sjølv.

 

Kulturvernlaget ynskjer å nytte notanaustet i kultursamanheng, difor kan framveggen hektast av og naustet vert ei vakker utescene. Festspelkvelden den 25. juni vert den fyrste kulturkvelden etter restaureringa.

Offisiell opning av Fylkesmann Lodve Solholm.

Hjørundfjord kulturvernlag har fått støtte frå Kulturavdelinga på Fylket. Utan desse pengane, førti tusen kroner, hadde vi ikkje greidd å ta kostnaden med restaureringa, difor var valet på Fylkesmann Lodve Solholm naturleg når vi skulle velje ein offisiell person til å opne Notanaustet. Nettopp det at lag som driv frivilleg kultur og restaureringsarbeid får støtte, gir fantastiske ringverknadar i form at kulturminne som vert tekne vare på.

 

Einar Saure held koseri i notanaustet

Einar Saure er ein god forteljar. Her er han i aksjon i Notanaustet under årsmøte til Hjørundfjord kulturvernlag 27.04.08

 

Einar Saure og Enok Kippersund.

Desse to er begge markante kulturpersonar, Einar fekk sist helg Hjørundfjord sogelag sin kulturpris, han vil fortelje historia til Notanaustet. Enok Kippersund er næraste nabo og ein dyktig tolkar av dikt, han vil få æra av å avslutte festspelkvelden i Notanaustet.

Fiskesuppe og Hjørundfjordbrød.

Det naturlege valet av mat var fiskesuppe og godt brød til. Fisken til den vert sjølvsagt fiska lokalt. Brødet til vert frakta ferskt frå bakeriet på Sæbø.

Kvelden i Notanaustet er ein del av det offisielle programmet i samband og i samarbeid  med Dei Nynorske Festspela. Billettar kan kjøpast i Aasen-tunet og i Notanaustet same kvelden.

Det vert sett opp buss frå Sæbø via Ørsta og Volda til Bjørke.

 

Hjørundfjord kulturvernlag

Synnøve Rekkedal Hill