Cecilie Rørstad har famile og bur på Leira i Storfjorden inst i Hjørundfjorden.  Ho har vore leiar i Bjørke grendelag i ein mannsalder, trur eg, men likevel er ho berre 30 år.  Sjølvsagt ikkje åleine, men ho har vore ein svært så sentral person i kampen for å få rastrygg fylkesveg mellom Bjørke og Leira/Viddal.  Og laurdag fekk ho løn for strevet.  Ho fekk ros for tunnelkampen sin frå alt og alle.  Og til slutt fekk ho ein halv jettegrytestein frå fylkesordførar Olav Bratland.  Den andre halvdelen har fylkesordføraren sjølv og steinen  symboliserer fellesskapen mellom tunneleigaren, fylket, og bygdefolket i Storfjordområdet.

113 070
Fylkesordførar Olav Bratland med ein halv stein frå jettegryta.  Cecilie Rørstad fekk den andre halvdelen. På foto til høgre takka Cecilie for det gode samarbeidet mellom bygdefolk og dei som kjempe igjennom- og fekk bygd Leiratunnelen.

Men Cecilie heldt også tale sjølv under den store opningsfesten og der gav ho m.a. velfortent ros til noverande ordførar i Ørsta Gudny Fagerhol, men ordføraren fekk og ros som tidlegare sentral politikar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylke.  Det var mange som meinte at noverande ordførar i Ørsta kommune hadde gjort ein kjempeinnsats for at Leiratunnelen skulle kome.

128b
Hadde det blitt opning av Leiratunnelen på laurdag utan desse to damene - Cecilie Rørstad(t.v.) og ordførar Gudny Fagerhol?