Tru det eller ei, søndag fyller denne blidspente karen på Sæbø 60 år.  Og karen heiter offisielt Dagfinn Stand, men dei fleste av oss kjenner han best som Daffa - tidlegare storkeeper på Sæbø, men no glimrande brød- og kakebakar.

009
Baker`n på Sæbø fyller 60 og feirar med eit par ekstra brød til frukost.

No er vel baker`n ikkje eit godt norsk ord, men som vi alle no bør ha fått med oss, er Daffa ein eidsvoren Aafk-tilhengjar. Og litt demmagutt er det framleis i han så difor baker`n og ikkje bakaren.

Men det med eit par ekstra brød til frukost er sjølvsagt tøv.  Daffa og fru Nutte (Kanutte) feirer den store dagen - saman med vener og nære familie? -  på Hotel Alexandra i Loen.  Og tek vi ikkje feil har han halde både ein og to talar før han går til sengs ut på morgonkvisten ein gong. Men til frukost har han nok med eige brød - vil vi tru. 

Det er berre å gratulere denne gode hjørundfjordingen med den store dagen.  Og dei beste helsingane får han i kommentarfeltet under her på hjorundfjord.no.