Det er nærast blitt ein tradisjon at A-laget nyttar båt til dei lengst vekk øyane.  I år er det kamp mot Kvamsøva på Haugvoll stadion som står for tur. Vi fyller difor opp båten med spalarar og dei supportarane som måtte ønske det. 

Båten går klokka hal 11 frå sæbø og det kostar 200,- å vere med. Vi reknar med å vere heime på Sæbø ca kl 18.00. Det er fint at dei som ynskjer å vere med seier ifrå på førehand då båten tek 38 stk. passasjerar.

Dette plar å vere ein sosial tur med mykje moro og hyggje. Kanskje blir det og ein liten quiz. Vi får sjå....

126

Kasserar Einar J. Tvergrov ber alle ta med pengar og ynskjer folk hjarteleg velkommen til å heie fram Sæbø til siger. Heia SÆBØ!!!!

Mvh: Styret i fotballgruppa