Årskogstøylen og Høgereset 28/6 2010

Vi var snare og kaste jakkene i den trykkande varmen oppover frå Holen.

Ein flokk på femten, så det var tett i råsa.

bodil 001

Vi var ein bra gjeng Janneche, Unni, Kari, Hilde, Ola, Grethe, Kanutte, Jonny, Monika, Haldis, Manuela, Lavin, Anne Fride og Gerd Sofie.

bodil 002  

Ola, Unni og Lavin tek ein skål av det gode og kalde oppkomevatnet rett nedom

Årskogstøylen.

bodil 003

Her ser vi resten av flokken som fukta strupen.

Godt med ei kvild i varmen.

bodil 006

Då vi kom opp på årskogstøylen fekk vi sjå fonna som framleis låg stor over råsa.

Det vert nok ei stund før denne er smelta vekk.

 

bodil 008

Her går vi vidare mot Lissedalen, du kan sjå i bakgrunnen fonna som ligg ved Årskogstøylen.

Eg kan ikkje huske sist den var så stor, nokon som huskar?

bodil 009

Haldis, Anne Fride og Kari fyller flaskene før siste etappe, der var framleis to fonnbrear i Lissedalen som vi måtte krysse.

bodil 010

Bjønnalauget ligg der så blankt og fint, men ein stor snøbrede gjorde at vi sto over badinga denne gongen, kansje neste gong?

Litt kalde vind på Høgereset, og Grønevatnet var dekt av snø og is, så det viser at det var ein snørik vinter i år.

Takk for laget denne gongen, neste måndagstur vert Grøthaugen.

VEL MØTT!