Bok om villaksen.

Journalist og forfattar Svein Aam gav ut boka ”Lakseeventyret” i haust.

Lakseeventyret

Boka til Aam gav nemnda for Hjørundfjorddagane idéen om å ta opp villaksproblematikken i ein debatt under Hjørundfjorddagane i år.

Dette er også eit internasjonalt problem. I British Columbia i Canada til dømes, har villaksen forsvunne, i generasjonar har indianarane på vestkysten og lokale fiskarar livnæra seg på villaksfisket, no er det mest ikkje laks å få. Etter det eg skjønar skjer det same i Chile og her i Europa i Skotland.

 

Profilerte debattantar.

Til debatten sundagen under Hjørundfjorddagane kjem Alv Arne Lyse frå Norsk jeger- og fiskeforeining. Han er sjølv ein ivrig laksefiskar.

Stortingsrepresentantane Rigmor Andersen Eide Krf og medlem i Næringskomitéen,

rigmor andersen eide

samt Oscar Grimstad Frp og medlem i Miljøkomitéen,

oskar j grimstad

har begge engasjert seg i saka og har hatt innlegg i villaksdebatten på Stortinget. Dei vert med i debatten på Sæbø.

Frå oppdrettsnæringa kjem Kommunikasjonsdirektør i Marine Harvest Jørgen Christiansen.

 

Forfattar av ”Lakseeventyret”, Svein Aam, skal også delta.

 

Lokalt og internasjonalt.

Som del av innleiinga til debatten vil Jarle Walseth gje eit kort tilbakeblikk på korleis det ein gong var med laksefisket i Bondalselva.

Nemnda for Hjørundfjorddagane ynskte å setje villaksproblematikken på dagsordenen, ikkje berre fordi laksen har forsvunne i Bondalselva, men dette har faktisk vore tema på store internasjonale kongressar om biologisk mangfold, nettopp fordi det er ei internasjonal problemstilling.

 

Ordstyrar vert tidlegare ordførar i Norddal, Arne Sandnes.

Hjørundfjorddagane 2010.

Synnøve Rekkedal Hill