Dersom ein samanliknar ein som får bruke hammar jamt med dei som sjeldan bruker dette verktøyet, er forskjellen stor. Då ser ein kanskje kor mykje krevjande denne aktiviteten er motorisk. Her i ein liten biletstudie med tekst.

1. Med stødig pinsettgrep held ein rundt spikaren samstundes som den andre handa held hammaren. Dei to grepa koordinerast og hammaren førast ned med tilpassa kraft på spikerhovudet slik at spikaren festar seg i underlaget. Dette krev godt utvikla finmotorikk, auge-hand koordinasjon og tilpassa kraft - for ein vil jo ikkje treffe fingeren.



2. Når spikeren er festa i underlaget, kan ein sleppe og bruke større kraft med handa som held hammaren. No gjeld det å treffe spikerhovudet beint og med god kraft slik at ein faktisk får slått ned spikaren. Den vaksne hjelper til med å skaffe gode spikarar med stor hovud og mjukt tre.



3. Bli spikaren likevel skeiv ropar ein anten om hjelp eller gjer som her: Ein slår til spikaren frå sida - den rette sida - og rettar opp prosjektet.


4. Alternativt drar ein spikaren opp. Då snur ein hammaren og bruker den andre enden. No skal spikaren inn i kløfta og ein må finne den rette drateknikken.


5. Det ferdige resultatet: her som ein liten studie i "spikerestetikk", det er vakkert sjølv om det ikkje er eit ferdig produkt.


Å spikre må lærast og små barn lærer gjennom stadig oppattaking, td gjennom hudrevis av spikrar i ei fjøl. Neste prosjekt er gjerne ein trebit med to spikrar delvis slått ned - då ser jo alle at det er ein båt!

Takk til Håkon, 2 1/2 år som viste korleis det skal gjerast.