Dersom ein samanliknar ein som får bruke
hammar jamt med dei som sjeldan bruker dette verktøyet, er forskjellen
stor. Då ser ein kanskje kor mykje krevjande denne aktiviteten er
motorisk. Her i ein liten biletstudie med tekst.
1. Med stødig
pinsettgrep held ein rundt spikaren samstundes som den andre handa held
hammaren. Dei to grepa koordinerast og hammaren førast ned med tilpassa
kraft på spikerhovudet slik at spikaren festar seg i underlaget. Dette
krev godt utvikla finmotorikk, auge-hand koordinasjon og tilpassa kraft -
for ein vil jo ikkje treffe fingeren.
2. Når spikeren er festa i underlaget,
kan ein sleppe og bruke større kraft med handa som held hammaren. No
gjeld det å treffe spikerhovudet beint og med god kraft slik at ein
faktisk får slått ned spikaren. Den vaksne hjelper til med å skaffe gode spikarar med stor hovud og mjukt tre.
3. Bli spikaren likevel skeiv ropar
ein anten om hjelp eller gjer som her: Ein slår til spikaren frå sida -
den rette sida - og rettar opp prosjektet.
4. Alternativt drar ein spikaren opp.
Då snur ein hammaren og bruker den andre enden. No skal spikaren inn i
kløfta og ein må finne den rette drateknikken.
5. Det ferdige resultatet: her som ein
liten studie i "spikerestetikk", det er vakkert sjølv om det ikkje er
eit ferdig produkt.
Å spikre må lærast og små barn lærer
gjennom stadig oppattaking, td gjennom hudrevis av spikrar i ei fjøl. Neste prosjekt er gjerne ein trebit med to spikrar delvis slått ned - då ser jo alle at det er ein båt!
Takk til Håkon, 2 1/2 år som viste korleis det skal gjerast.
Kommentarar