Nei,frå harselas til alvor.
Eg har vorte spurd av fleire, såvel nordmenn som utlendingar om stoda føre sesongen på Sæbø, om eller når ein kan fiske, m.m.
Eg freistar syne til andre enn meg, men eg har i alle høve sagt at fiskesesongen i Bondalselva er vorte bestemt å vare frå 20. juni til 20. juli.
Kvote er på 1 fisk pr. person pr. døgn.
Korriger meg rette person om dette ikkje stemmer.
Såvel fisketid som fiskekvote syner alvoret for laksen i Bondalselva, og dei ansvarlege i elveigarlaget skal ha ros for å ta ansvar.
Profetier tilseier at litt meir mellomstor og stor laks vil kunne kome i år samanlikna med siste åra.
Grunnen er at sjølaksfisket på kysten av Møre og Romsdal er totalforbode, og notfiske i fjordane er berre tillate i 2 veker. Frå 20.juli til 4. august.
Så sjøfisket etter villaks er med andre ord så og seie opphøyrt...
Det tilseier at fisk som elles ville blitt tekje i nøter, vil kunne gå opp i elvane om vasstilhøva er tilstrekkelege.
Eg trur at sjølv med den kalde våren i år, er regn naudsynt avdi det er så lite snø i fjella.
Pjakk og aure er det ikkje nokon grunn til å vente nokon stor auke av, for desse storleikane er borte frå Hjørundfjorden.
Om det skulle syne seg at noko meir fisk som naturleg er, søkjer elva vår, vonar eg at dei ansvarshavande ser bak tala...
Eg ynskjer interesserte i denne fantastiske hobbyen ein fin og sosial fiskesesong!
Men hugs; Villaksen må stå i sentrum!

Når eg no ser årets russ, må eg tenkje 40 år attende..

Kva har så det med laks å gjere, anna enn at då og gjorde ein kvarandre til "laks," sjølv om 70% nytta ....... I motsetnad til i dag.

Eg tillet meg å sitere frå mine notater.

"1.juni.  Endelig ferdig med skole, eksamen, feiring og styr. 7 pjakkar frå 1.1 til 2,1 kg m.m.....

Men hovudsaka i dette innholdet skulle vere at at  for 40 år sidan, i 1970, skreiv eg i dagboka 1.juni i tillegg.

"Lite snø i fjella,.....så den første laksen i elva 19.mai like nedenfor brua, ca. 4-5 kg. Den første laksen ble tatt 25.mai på Kvistad/Aklestad. 6 kg.

26.mai så jeg 4 pjakker hoppe i osen. 2 pjakker ble tatt fremfor brua 27.mai.

I pinsen, 30. mai ble det tatt 1 laks og 30 pjakker meg bekjent på Hustad. Varmt og stor elv."

Det var Bondalselva de kommende 14 dg. for 40 år siden.....