Per gir æra til oss andre i grendalags-styret, men uten hans innsats hadde ikkje resultatet vore som det er i dag.

Urke Grendalag har arbeidd med to store prosjekt i vinter,-informasjonsbua og Bøvika.Det er Per som har utforma alle søknader om sponsormidler,- også det med gode resultat.

Informasjonsplakatane i bua har han forfatta, laminert og hengt opp.Byggeløysing samt materialberekninger ligg og for han om han er akademiker aldri så mykje!

Dugnadsarbeidet har gått som ein leik under hans effektive og gode administrering.

Vi i Urkebygda er utruleg heldige som har ein "utflytter" med slik kapasitet og vilje!

Årsaka til hans iver og innsats seier han sjølv kjem av at han er så glad i" bygda si".Det same hevder "hyttefolket" og andre utflytta urkebygdarar er grunnen til at dei med glede stiller til dugnad.Dei legg anna til side og gler seg over å få delta for fellesskapet. VI TRENG DOKKE ALLE!

Trass i to dager med hardt arbeid var stemninga på topp heile tida. Gode komentarer, humring og latter viste at alle hadde det triveleg.

VI RETTER EI STOR TAKK TIL ALLE ,-- OG LOVER FLEIRE KJEKKE DUGNADSDAGER I FRAMTIDA

 

For Urke Grendalag, Eldrid Øye