Gamlevegen frå Villane til Bjørdalskiftet.
Vi starta sesongen med ein nokså "flat" tur nemlig Gamlevegen, men går du den til endes og tilbake vert det ein bra trimtur likevel.
På brukanten ved Valset var det så "idyllisk" at me måtte ta ein kvild.
Helga Solfrid og Kari.
Ei lita byge kom over oss, ellers var veret fint.
Kvitveisa blomstra, fuglane kvitra og vi løyste verdsproblem og gjekk i godt tempo.
Vegen var tørr og fin å gå, Berre eit parti midt på valset var litt vått,
Jorunn og kari som er kjent på denne vegen, fortalde om hyttene og andre historiske glimt, og vi andre fylgde med og lærte.
Ei redige trollkjerring inviterte oss på kaffi på vegen, neste gong takkar vi ja.
Neste måndag vert det Gunnar-råsa som blir Måndagstur.
Vel møtt!
Måndagsturar 2010
dato turmål møtestad
24/5 Gamlevegen Villane
31/5 Gunnar-råsa Fonnvernet
7/6 Olavshola Skiltet ved vegen på Hustad
14/6 Høgenausa Aklestad
21/6 Tua på Hustadneset Hamna på Hustadneset
28/6 Årskogstøylen/Høgereset Holebrua
5/7 Grøthaugen På Moane
12/7 Klokkura/ Tryvatna Enden av vegen på Stokkesida
19/7 Tua på Sæbøneset Øverste svingen i byggefeltet
26/7 Gunnar-råsa Fonnvernet
2/8 Stokkehornet Enden av vegen på Stokkesida
9/8 Vasstøylen/Kvamsedalsreset Bommen på Kvistad
16/8 Valsetheida/ Eitrefjellet Tunet på Tvergrova
23/8 Klokkura/ Tryvatna Enden av vegen på Stokkesida
30/8 Vasstøylen/ langhorndalen Bommen på Kvistad
6/9 Olavshola Skiltet ved vegen på Hustad
13/9 Grøthaugen På Moane
20/9 Frølandsetra På Frøland
27/9 Rekkedalsetra Ved fjøsen til O.J. Rekkedal
4/10 Gamlevegen Villane
ALLE TURANE STARTAR FRÅ MØTESTADEN KL 1800.
VEL MØTT!
Kommentarar