Container for metall
Det vert sett ut ein container for reint metall. Det er svært viktig at berre metall vert kasta i denne. Dette kan til dømes vere:
• traktorredskap
• fjøsinnreiingar
• utdatert landbruksutstyr
• metallgjerde
• forhaustarar
• slåmaskiner
• felgar utan dekk osv
Større delar av slikt utstyr som ikkje er metall, t.d. plast, gummi, treverk og liknande, skal så langt som råd demonterast og leverast på miljøstasjonen.
Sameleis ber ein om at olje vert tappa av slikt utstyr som har dette, og at evt batteri vert tekne ut.
Store gjenstandar, t.d. traktorar, gravemaskiner, bilar og lastebilar og liknande som ikkje går inn i containeren kan det gjerast særskilt avtale med RSS om. Desse kan verte henta på staden dersom det er råd å kome til med stor lastebil.
Tid og stad
-
25.mai – 1.juni: Sæbø – på grusplassen v/ferjekaia
-
25.mai – 1.juni: Bondalen – v/grendahuset
Reint metall går i containaren
Elektroavfall
Elektrisk og elektronisk avfall, eksempelvis kvitevarer, tv og diverse hushaldningsapparat kan settast på anmerka plass på utsida av metallcontaineren.
Ingenting anna enn slikt elektroavfall skal plasserast her.
Diverse hushaldningsapparat kan settast på anmerka plass på utsida av metallcontaineren.
Henting av grovavfall på bygdene
Grovavfall er til dømes:
• byggeavfall
• møblar og tepper
• isolasjonsmateriale
• bøker
• keramikk
• hardplast m.m.
Hentinga er gratis, men det vert belasta kr 2,00,- pr kg (inkl. mva) for avfallet.
Dei som er interessert i ei sånn løysing, må kontakte Retura Søre Sunnmøre AS tlf 70048610. Det vert utarbeida køyreruter for innsamlinga
Henting rundt på bygdene er gratis, men ein må betale pr.kg for å få levere avfallet, for dei som ynskjer det. Her må ein ta kontakt.
Henting av landbruksplast
Landbruksplasten vert i hovudsak henta på same måte som før.
Det er viktig at nett og anna vert fjerna, slik at det er rein, kvit eller blank plast som vert levert. PP-sekk / kunstgjødselsekk må leverast separat.
Den einskilde har 3 alternativ for levering:
• Levere plasten sjølv på miljøstasjonen kostnadsfritt.
• Vi hentar plasten på bestilling, og tek 250,- pr anløp. Plasten er elles gratis å levere. Dei som leverer plast må sjølve vere med å laste opp med traktor/frontlessar e.l.
• Kjøpe returplastsekkar hos oss, og levere plasten i desse.
Dei som treng henting på rute må ta kontakt med oss innan 10.juni pr tlf. 70048610 eller pr e-post:
sore.sunnmore@retura.no
Det kostar 250 kroner som ei
stoppavgift for kvar henting av landbruksplast. Sjølve plasten er gratis
å levere.
Med helsing Retura Søre Sunnmøre
Kommentarar