Rotevatnet rundt.
Vi var full bil som tok turen til Volda, elleve i talet må ein kalle godt oppmøte i dette vinterveret.
Via fotballbastadion gjekk vegen , det var tørt og godt å gå , berre desse søylene som vi hoppa elegant over.
Mange fine benkar og sitte på, på vegen rundt vatnet.
Øverst kan du sjå melisdrysset som kom rett før vi starta turen.
Det er unekteleg litt vakkert også.
Her var det så idyllisk at me måtte ha ein rast.
Ann Helene serverte te og sola skein.
I vassbotnen vurderte vi å ta ei runde golf, men vi kom til at vi får ha det til gode til ein annan gong.
Tok ei pause under denne flotte trehytta.
"Pikene på broen", en lystig variant.
Her er vi øverst i elvadalen , rett ved Kivibutikken der vi parkerte.
Gjengen samla til slutt ved "bussen vår", kjekt å ha stor bil når vi skal ut på tur.
Ann Helene, Lavine, Manuela, Haldis, Bodil (står bak), Birgit, Kari, Helga, Norunn, Alvhild og Eno.
Sender no eit håp om varme og sommarvêr.
Neste tur vert TORSDAG 20 MAI!
Vi er enno litt usikre på målet men vi skal gi beskjed etter 17 mai.
Følg med på portalen!
Vel Møtt!
Kommentarar