Handelsgjødsel blir i stor grad spreidd ved hjelp av sentrifugalspreiarar/pendelspreiarar. Desse blir nytta på 70% av det gjødsla arealet i Noreg.  Undersøkingar, både i Noreg og i utlandet, syner at mykje av gjødsla blir spreidd meir ujamt enn ynskjeleg er. Det er også vist at enkle tiltak kan gi store forbetringar. Slike tiltak omfattar opplæring av brukarar, og kontroll og innstilling av spreiarar.

 Meir nøyaktig spreiing av gjødsla kan gi betre utnytting, mindre tap til vatn og luft, auka avling, betre kvalitet av avlinga, og sparte kostnader for brukaren. Aukande gjødselprisar vil medverke til større merksemd omkring god spreieteknikk.

 Vi bør ha førehandsavtale med dei som vil stille med traktor og påmontert spreiar.  Dei som ynskjer å delta, utan eigen spreiar, er også velkomne. Gi oss gjerne ei tilbakemelding om at du kjem.

 

Program.- Markdagane startar med ei kort fagleg innleiing, med gode råd,  av Tor Breen, frå Det Kongelege Selskap for Noregs Vel. Deretter testar vi 3-4 spreiarar etter tur. Der det blir oppdaga manglar, vil det bli finjusteringar.

 

Betaling.- I prosjektet er det lagt inn ein viss eigeninnsats. Testen kostar kr 300  pr. spreiar.  Deltakarar utan spreiar betalar kr 150. Medlemar betalar halv pris av desse satsane. Vel møtt til nyttige og hyggjelege markdagar i våronna!

 

 

Olav Martin Synnes                          Tonje Aspeslåen               Tor Breen, fagleg ansvarleg

999573688                                       90967096