”Frå ull til natur”.

Biletkunstnar Arve Tollan har skapt sitt eige biletspråk. Med naturen som inspirasjonskilde. Saueull som hovudmateriale og karda som palett, tryllar han fram bilete med mjuke linjer i ull, ilag med kald og hard stein, materiale frå tre og andre vekstar og naturmateriale, får Tollan fram bergtakande bileter. Teknikken har kunstnaren sjølv utvikla gjennom mange år. Tollan har hatt ei rekke utstillingar både i Norge, Europa og også i Ny York. Her i landet er arbeidet hans mellom anna kjent gjennom program på fjernsyn.

 

Myrull av Arve Tollan

Myrull av Arve Tollan

 

Støypemasse og steinvariantar.

Sonen Are Tollan er utdanna grafisk designer, men har i mange år jobba som kunstnar med ulike type materialbilete. Bilda er i utgangspunktet ”mala” med støypemasse, medan den er flytande vert ulike materiale som ulike steinvariantar, skifer, sand, koppar og jernslagg fletta inn. Bileta vert så mala ferdige med akryl og beis. Eit beskyttande ferniss vert lagt overheile biletet til slutt. Are Tollan lagar også collage, bygd på same prinsippet som materilabileta, men utan støypemasse og steinvariantar. Også Are har hatt fleire utstillingar i inn og utland, han er kjøpt inn av private og av næringslivet.

Ilag driv far og son Galleri Arto på Nøtterøy.

 

Bilete i eigen teknikk Are Tollan

Bilete i eigen teknikk Are Tollan

 

Sølvsmed.

Heilt frå Mandal kjem smykkekunstnar Astrid Saure. Ho vitja Hjørundfjorddagane også i 2009, då greidde ho ikkje å produsere sølvsmykker fort nok. Ho har sin eigen teknikk, der ho mellom anna set saman halsband og armband av sølvringar. Dei ferdige produkta er svært vakre, og ein kan få laga smykke som passar akkurt til din storleik.

 

Hjørundfjorddagane 2010

V / Synnøve Rekkedal Hill