Kurs i tradisjonell seterdriftOgså denne sommaren skal det vere seterkurs på Inner Gammmelsetra i Grøvudalen i Sunndal kommune. Du lever tett saman med andre med same interesse, du lever saman med dyra, og du får ei heilt fenomenal naturoppleving. Meld deg på i dag! |
På Inner Gammelsetra kan du på dette kurset i tradisjonell seterdrift mellom anna lære deg å mjølke kyr, koke ost, lage rømme, kinne smør. Kurset går i uke 28 frå søndag 11. juli til laurdag 17. juli. Kurset kostar 2 800 kroner for studentar/ungdom og 3 800 kroner for vaksne, medan aldersgrensa er 14 år. For å melde seg på kan du kontakte dagleg leiar Jørgen Svisdal på telefonnummer 992 51 626 eller på e-post j.p-swiss@hotmail.com. Du kan også gå inn på heimesidene til setra her, eller på heimesida til Nordmøre Ungdomslag. |
Kurs i tradisjonell seterdrift
Eg fant dette på heimesida til Noregs Ungdomslag.
Eg legg det ut på portalen slik at dei unge får mulighet til å melde seg på dette kurset.
En flott og lærerik ferie for dei unge.
Inngress bildet er frå Saursstøylen i Sledalen.
Lagt inn av
Perry Bjørke
03.05.2010 03:17
03.05.2010 03:17
Kommentarar