Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.
Vi er allereie komne til den 25. mai, klokka er 2245 og gradestokken syner berre tre grader pluss. Graset veks seint og eg lurer på om vi i det heile får ha husdyra ut denne sommaren. Men så har vi likevel hatt fine dagar denne maien også - om ikkje så varme. Og sist fredag opna også bakeriet på sæbø dørene sine.
Ho eller han som leitar godt finn også kafe- og restaurantsjef Nutte (Kanutte Strand) midt inne mellom fleire mannfolk. Bussjåføren vår, Jostein Kvistad, kom litt seinare og får eige foto. Vi ser at han har fått på korrekt sommarantrekk. Han påstod forresten at dette var fridagen hans, men som alltid - klar til utrykning i tilfelle bussjåfør Stig Petter Rekkedal (heilt til venstre på foto til venstre) skulle svikte.
Her er Torine (Lillebø) på tur med mormor Tone(?).
Til venstre ser vi Per Gjerde, maskinist på Hjørundfjordferja. Det er uvisst om han her skal på jobb etterpå, men i så fall må han nok først ha eit uniformkurs med Jostein Kvistad.
Vi har hatt ein sein vår, liten tvil om det, men no har t.d. kvitveisa dukka opp sikkert over heile Bondalen. Ho er på sitt vakraste når du finn ho inn mellom orane på ei eller anna kvisl.
Kvitveis til venstre, vårkål til høgre. Vårkålen vart visst dyrka som grønsak i tidlegare tider og dei grøne blada skule vere rike på C-vitamin.
Kvitveisa, eller kvitsymra, veit kor ho finn sola. Denne blomen skal visstnok vere giftig.
Ikkje veit eg kva denne sommarfuglen heiter, men han flaug frå blome til blome og oppførde seg nærast som ei humle.
Så vart det pinseafta og skyene kom, så vart det 1. og 2. pinsedag og kulden og regnet kom på nytt. Mange av oss tenkte nok på ein skitur desse dagane, men det var nok berre tøffingane som gjekk til fjells. Underteikna var forresten på ein "snøinspeksjonstur" over fjorden.
Ikkje heilt i fokus dette skiltet, men vi ser at Statens vegvesen endeleg har fått opp eit nytt skilt i Norangsdalen med korrekt namn på Lygnstøylsvatnet. (Er det skikk og bruk å ha ein s i slike namn?)
Eg lærer meg aldri skilnaden på morellebær og kirsebær, men eg trur det er eit slikt tre som blomstrar her på Urke.
Hjørundfjorden har fostra mange kunstnarar, her held tydelegvis ein av dei til.
Eit "løvetannfoto" frå Bøvika på Urke. Litt til høgre har folket i Norangsfjorden allereie eit stupetårn og snart vert badeplassen her utbygd vidare.
Norangsfjorden er på sitt vakraste no om våren og fyrst på sommaren. Nytt høvet og ta deg ein sykkeltur i området så snart det vert helg og litt varmare i vêret.
Og til slutt dagens quiz. Kva heiter blomen under som eg fann ute i Leknesstranda?
Kommentarar