Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Det er tidlegare laga ein særs god artikkel av Mats Riise om denne alt for lite brukte toppen rett ovanfor Årskogen i Bondalen.  Klikk her.

041 (2)
Var det nokon som nemnde at Keipen ikkje har ei fin nedrensle?  Her ser vi X2-
gåar, laksegeneral og journalist Svein Aam på veg ned mot Lissjedalen.

Når eg snakkar om Keipen med veteranar på Sæbø som Anders Holen og Bjarne Riise, ja, då får dei nærast tårer i augo.  På 50- og 60-talet var nemleg Keipen ein topp som vart vitja av mange unge rundt påsketider. Og kvifor det? Den flotte utsikta i tillegg til at det var fint å renne ned att vert nemnt, men for å seie det rett ut så trur eg nok at vakre, skigåande  damer var eit vel så viktig argument...

No er det ikkje så mange som vitjar denne toppen lenger - i beste fall vert den berre brukt som ein mellomstasjon for dei som skal vidare oppover til topps på Lissjedalshornet.  Men no er det på tide at denne toppen, Keipen, kjem til heider og ære igjen. Om ikkje må det ein facebook-aksjon til. Toppen er lett tilgjengeleg, ikkje for bratt og likevel kan den ha ei flott nedrensle - i alle høve ein fin "start"-topp.

012
Her ser vi toppvarden på Keipen, men denne toppen vert no som oftast berre brukt som mellomstasjon før turen går vidare til Lissjedalshornet, fjellet i bakgrunnen.

No lyt eg vedgå at også Svein Aam og eg hadde planar om å ta turen til Lissjedalshornet, men vi likte oss kort og godt så godt på Keipen at der vart vi verande til vi rann ned att. Det må og nemnast at eg slett ikkje hadde tenkt å skrive om denne turen, den er som nemnt skriven om før, men på fredag var skiføret så flott at det må nemnast - sjå på fotoa.

004 006 (2)
X2-skigåaren Svein Aam la ut i eit drepande tempo frå Heimste-Holen, men heldigvis roa han ned på tempoet då journalisten fekk eit par telefonar.  Legg merke til underlaget - plant som eit stovegolv.

Svein Aam?  Som flesteparten av brukarane av hjorundfjord.no veit, er Svein Aam forfattar av boka "Lakseeventyret" som kom ut på Spor Forlag AS i 2009. Av yrke er han tilsett som journalist  i Sunnmørsposten, næringslivavdelinga, med fiskeri som spesialfelt. Om det snart kjem ein reportasje i avisa om fiske med autoline etter denne fjellturen, står att å sjå.  Men at denne herren, med røter i Årskogane, også er ein hardhaus på ski, kan det ikkje vere tvil om - fast X2-deltakar som han er.

007 (2)
Keipen er ikkje høgste toppen i området, men frå 974 m er utsikta god.

Det er no ekstra kjøleg om natta.  Det er difor klokt å ta med seg ei isøks om ein i desse tider skal til fjells, i alle høve om ein ikkje skal gå opp ei sørside. Som nemnt var underlaget plant, men først på dagen var underlaget svært hardt - også opp på Keipen.

015 025
Dette er ikkje nytt område for Svein Aam, men han er liekvel godt nøgd med utsikta mot Hjørundfjorden og Bondalen.  Legg merke til den flotte ruta, raud strek, opp til Nordre (og Søre) Grøtdalstind på foto til høgre.  Klikk her. 

Knut Riise seier gjerne at den beste tida å gå på ski frå Lissjedalen til Grøtdalstindane, eller fjella på motsett side av dalen - Keipen og Lissjedalshornet -  er når du kan gå tørrskodd opp til Årskogstøylen og så ha på skina der.  I så fall er det rette tida å gå no i desse tider.

Sist fredag var det enno råd å renne rett ned frå Keipen til skoggrensa og vidare rett ned eit gjel/renne til Årskogstøylen.  Vi valde likevel å renne berre nesten ned til skogen og så ta same veg ned som vi kom opp, dvs. på skrå ned- og innover(nordover) mot Høgereset til vi kom ned i Lissjedalsråsa.  Så rann vi nedover Lissjedalen til Årskogstøylen igjen.

049
Sola tina topplaget fint til vi skulle ned att.  Kan ein få betre skiføre på våren?

Takk for turen.

P.s.: Sjølv ein erfaren journalist må ha hjelm.  Svein ynskjer seg difor ein slik ein i julegåve. :)
d.s.