Kvart år arrangera Sogn turlag fellestur over Jostedalsbreen i regi av DNT. Fire erfarne breførera fører ei gruppe menneskjer over breen på eit tidsspekter på fire dagar. I år bestemte vi oss (Linn, Mariann og Synneve) for å bli med dei på tur. Det var rekordmange som hadde meldt seg på i år, heile 65 stk!

Turen går på Jostedalsbreen frå Erdalen (Stryn) i nord til Fjærland (Sogn) i syd. Dette brukte vi fire dagar på, der vi la bak oss 6,5 mil og over 2000 høgdemeter, på ski og til fots. Vi hadde kvar over 20 kg i ryggsekken, noko vi kjende godt!

Dag 1: Turen vår starta frå Erdalen i Oppstryn. Der i frå gjekk vi til Vetledalssetra der vi skulle tilbringe første natta på ekspedisjonen i telt på støylen.

P5120058

Bussen set oss av i Erdalen, vi festar skia på sekken og er klare til å gå mot Vetledalssetra - turens fyrste mål.

  

  

P5120061

Jentene med full oppakkning.

 

 

lP5120059

Turfylgjet spenna klare - Mariann, Linn og Synneve.

  

  

Josten på longs 012

Ulendt terreng med skisko og skistavar på bar bakke.

 

 

P5120065

Vi har slått leir på Vetledalssetra, fornøgde med telt-oppsettinga!

  


Dag 2: Etter ei lang natt i telt, startar dagens etappe, turens hardaste etappe, den gjekk opp hovudbreen. Ski og fellar kom på beina.

027

Eit utfordrande parti...

 

 

030

  

P5130067

Lang lang rekke.... Klare for å trakke på breen

  

P5130075

Linn, Synneve og Mariann

 

 

Over "Småttene" (eit oppsråkke brefall) måtte turlaget selast på og bli botne i tau, heile 69 menneskjer i eit og same tau. Turen over bresprekkene blei hard, då dei fremste i taulaget drog på, og det var lite rom for små pustepauser.

P5130086

P5130089

Her kan ein skimte mykje bresprekker i breen.

 

039

Pusta letta ut etter ei tung og strabasiøs etappe over bresprekkene i tau. Fått opp teltet vårt for andre gong på turen.

 

 

Dag 3:

Ein ny dag venta oss - ei litt lettare etappe med både opp- og nedstigning. No var det av med fellar og på med smurning. Mykje prøving og feiling måtte til... "Blå? nei... lilla, nei universal held heile dagen. Nei vi gjeng for klister"

 

055

 Her kjem blå swix på...

 

 

064

Vakre vidder - kvitt so langt du kan sjå.

 

 

109

Solid oppakning - godt over 20 kg kjennest godt i både motbakkane og ondabakkane....

148

 

 

 

Josten på longs 041

Ja...det var eit slit!!

 

Josten på longs 058

 Ploging i ondabakkane....

 

 

Josten på longs 038

Pause - då heiv vi oss rondt å smelta snø og kokte vatn på primusen, både for å sikre oss lunch og drikke på flaskene.

 

 

P5140107

Med godt mot!

 

070

Ein fin snøskulptur på breen...

 

095

Endeleg framme ved Ramnane - den siste plassen vi skulle telte på turen vår.

 

 

078

Sola går ned... utsikt frå teltet... :)

 

P5140110

To slitne jenter ordnar seg kveldsmat.

 

Dag 4: den såkalla "sjarmøretappa"... mykje nedoverbakka, som også byr på utfordringar på sin måte. Det blei mykje knall og fall, med smale, bakglatte ski og tungt lasta rygg!

P5140102

Synneve er klar for ein ny dag!

 

Josten på longs 060

Ein ørsting i turfylgjet vårt - Dag Eikås her ilag med Mariann!

 

 

116

Siste rast - ved Supphellenipa. Ganske so fornøgde! Kokar oss vassgraut...

 

 

4615863719_6bc9900f82

Turfylgjet vårt - ein kjekke gjeng!!

 

 

4611747843_1b68473a4c

Dei fire strålande breførerane våra! Alltid blide og behjelpelige med det meste.

Terje, Kjell, Irene og Asle.

 

Dei siste bakkane ned mot Fjærlandsfjorden blei ei stor utfordring. Kroppen var mørbanka og lårmusklane skreik, her er det ikkje om å gjere å ha fin stil - men å halde seg på beina.

Josten på longs 066Josten på longs 067

159

Ved Flatbrehytta - fornøgde med eigen innsats! Fortsatt 1000 høgdemeter igjen ned til fjorden.

 

 

Josten på longs 071

Ned fonnarmane - å hei kor det går..................

 

 

Josten på longs 077

Endeleg komt i låglandet igjen - våren viser seg. Vi har endelig komt i MÅL!!

 

På denne turen har vi fått prøve oss både fysisk og psykisk. Det var tungt, tyngre enn vi trudde. Den største utfordninga var vel å gå med så tung oppakkning noko som blei relativt nytt for oss. Det var lange etapper, der vi starta tidleg på morgonen og gjekk heilt til kvelden kom, gjerne opptil 12 - 13 timar.

Likevel var det absolutt verdt det, dette er heilt klart ein tur vi kjem til å hugse resten av livet ... :)

 

Mariann Skaar Skotte

Synneve Skare

Linn Cathrin Straume