Brua-parken er namnet

Informasjonsbua har 10 kvadratmeter  grunnflate, men har 20 kvadratmeter med veggplass. Dette siste er det viktigaste med tanke på funksjonen. Men ei rastebord midt på det hellelagde underlaget og god, rørslestyrt lyssetting høyrer og med.

Basar og Brua-Parken 010
Arbeidslaga, kvart på 2-3 personar, er i full gang med sine jobbar.

Formålet med bua

Formålet som ligg bak denne bua, er at grendalaget ønskjer å presentere bygda og dei tilboda ein kan by gjester og turistar. Ein skal sjå dette som eit uttrykk for ein del av det vi kallar gjestfridom, seier leiar i Urke Grendalag, Eldrid Øye. Vi må få fram at vi ønskjer gjestene våre velkomne og at dei skal få lyst til å kome tilbake ein annan gong.

Basar og Brua-Parken 011
Utan mat og drikke….

På veggane i bua orienterer vi om  det vi kan by fram av turar både i nærmiljøet og høgt opp til dei flotte tindane vi har rundt Norangsfjorden. Gode kart er hengt opp som viser turmåla.

IMG_1312
Leiaren i grendalaget, Eldrid Øye, henta fram den finaste franske konjakken og spanderte med glede ein liten smak under kranselaget laurdag ettermiddag.

Innhaldet det viktigaste

Det vert orientert om andre sjåverdige mål: Stabbura i bygda, dei restaurerte kvernhusa, sætergrenda Haukåssætra framme i dalen, bjørnehiet i Leknesdalen, eit krigsminne m. m. Utanom bilete og vegvisar, er det fyldig bakgrunnsstoff.

Basar og Brua-Parken 012
Her er dei første på plass for å inspisere informasjonsbua.

Dessutan er det oppslag om praktiske opplysningar som helseteneste, WC, fiskeplassar og badeplassen i Bøvika. Seinare kjem andre tema på veggen. Arbeidet med tekstutforming på engelsk og tysk er i gang. Her får vi hjelp av tyske hytte- og huseigarar som bur her i fleire månader og som no snakkar godt norsk.

Basar og Brua-Parken 013
Eldrid viser fram oversikter over turmål og ønskjer velkomen.

Denne plassen her i bygda – som vi frå no av kallar Brua-parken – vil vi stelle til no i dagane framover, fortel Eldrid stolt. I neste veke skal heile området få eit solid lag med god grus. Plassen ligg på sørsida av hovudvegen mellom Urkebrua og Urke Landhandel. Vi skal lage ei avgrensing mellom vegen og plassen med låge betongsøyler i litt ulik høgde. I desse skal vi ha blomster.

Basar og Brua-Parken 015

Til og med namneskiltet kom på plass før laurdagen var omme. Namnet vart bestemt kvelden før, og lokalkunstnaren Sverre Rønning vart sett i arbeid neste morgon.

VEL MØTT !

I haust bygde vi ei utsiktsrampe over fossestryka som går forbi. På plassen elles vert det sett ut rastebord med plass til ein kvil og trygg plass til å sette frå seg bilar medan ein tittar seg rundt. Om ein får lyst til å nyte medbrakt niste eller kjøpe seg ein varm pizza på butikken, er det fritt føre. På sørkanten av plassen mot elva legg vi ut store, vakre elvesteinar.  Leiaren håper at alle vil ta vare på området og rydde etter seg. 

Området er finansiert med grendalaget sine eigne midlar, Tussa Energi dekte heile kostnaden med utsiktsrampa og Hjørundfjord Bygdemobilisering har gitt støtte til dugnadsarbeidet og utviklinga av informasjonsbua.