Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.
Ein del vil vel hevde at det er eit slit å kome seg til topps på Nordre Sætretind. Slit eller ikkje slit - ein bør i alle høve ha med seg isøks. Og no, etter Kristi Himmelfartsdag, bør også alle mannfolk stille nydusja og med ein deodorant av høgste kvalitet - håpet er no nemleg at du kan treffe slike damer på toppen:

Er dette huldra på Nordre Sætretind?
Dessverre, eller heldigvis, denne kvinna er inga hulder. Namnet er Ma Liadal Ortiz, ho er fotograf av yrke og har atelier i Liadal, Ørsta. No veit eg, i alle høve etter ein artikkel i lokalavisa Møre-Nytt i går, at Ma har fått mykje merksemd etter denne turen som ho hadde til Nordre Sætretind. Det same har underskrivne fått, men eg har fått eit lite problem; fleire trur at dette fotoet ikkje er ekte - at det er manipulert på eit eller anna vis.
Men alle skigåarar i området kan ta det med ro - fotoet/fotoa er ekte. Kven veit, kanskje treff du på Ma, eller ei ekte hulder, i same området seinare? Lev i håpet. Eg tek med nokre foto til.



Og Ma rende også ned att på ski slik som oss andre. Ho forsvann ned Fladalen i elegante svingar - sjølvsagt med kjolen på.
Til slutt tek eg med ein av tilskodarane:

Stilige bilde :) (18.05.2010 kl. 22:46)
Flotte bilde :) -he også sett dei fine bilda på Facebook Ma, å dei såg slett ikkje manipulerte ut!! Stili når Marit hjelpte dej å telle tyll laga på kjolen :) -håpe på fleire slike bilde :) -men Ma husk neste gong du e på Skårasalen: d e Hjørundfjordfjell...-ikkje Ørsta fjell :)Trur du skreiv d i en kommentar på facebook :)...På en anna tur du var.:)
Flinke fotografa begge to : både Knut og Ma :), og ikkje minst, flinke på ski.
Elisabeth Å Dimmen
Martin Årseth Dimmen
:) (18.05.2010 kl. 11:13)
Eg kan ikkje anna seie enn at det er sant.. Vi var ein flott gjeng i fjellet.. Eg har mange bilder på facebook fra turen, både på vei opp i kjolen og da eg rann telemark ned fladalen...
Om de tviler, er det berre å legge meg til som venn, så skal de få sjå :)
Hustad har ikkje sendt inn noko manipulert bilete!
Til Ivar Svein Mo: Eg vil helst være mystisk, som Somby meiner :)
Men om du vil oppleve det samme som Hustad, er det berre å få ski på beina :)
Ønsker dokke alle ein strålande dag :)
ma ortiz
Minst like mange (18.05.2010 kl. 10:18)
av oss tror vel også at de flotte bildene IKKE er manipulert.
Kari Stokke
For bra? (17.05.2010 kl. 22:50)
I dag, på den store dagen, var eg heldig og fekk mange gratulasjonar for det mange gonger nemnde skifotoet frå Dalegubben/Hjørundfjorden. Men det var nok dei spesielle fotoa i artikkelen over som vart mest kommentert. Det overraskande - igjen -var at heller mange ikkje trur på "Møre-Nytt-fotoet" og fotoa over. Det vert berre slått fast at desse fotoa er manipulert. Eg merkar nok at eg vert litt irritert, men dei som ikkje trur på huldra kan nok bli litt skuffa...
Knut Hustad
Flotte bilde (17.05.2010 kl. 10:49)
Som er lagt ut på facebook:-)
Flott Hjørundfjordreklame ditte:-))))
Den gamle stilen med treski og stakk bleiknar veldig mot telemark og tyllkjole:-))))
Håper du får mange fine turar, og at du vil dele dei med oss mindre spreke her på portalen:-)
Eva Aarskog
Ikke svar (16.05.2010 kl. 22:50)
Ma, ikke svar Ivar Svein.
Du er mørk og mystisk, la det være slik!
Fred Ingar Somby
Kan vi få stille nokre spørsmål Ma? (16.05.2010 kl. 22:12)
Det er eit utruleg flott bilde og det er mange spørsmål som vi ikkje har svar på. Korleis kom du opp utan å knurve kjolen? Var dette eit nøye planlagt prosjekt som skal brukast i ein eller annan samanheng? Fargen på kjolen og himmelen og du sjølv, stemmer berre heilt fantastisk, og det er noko uvirkeleg som gjer bilde til noko mykje meir enn berre eit foto.
Eg må vedgå at det slo meg når eg såg bilde fyrste gong i MN, at dette måtte være manipulert, men eg vart sikker på at Knut ikkje torde å gå ut med eit juksebilde og samtidigt påstå at det var ekte så den tvilen er ute for min del.
Eg takkar på forhånd viss du kunne tenke deg å svare.
Ivar Svein Mo
Tusen takk (16.05.2010 kl. 19:43)
Tusen takk for slike hyggelige ord. :)
Det var litt av ei oppleving å klarte Nordre Sætretind i fotsid tyllkjole. Og eg kan love deg, at eg blir å finne på andre tindar i lik bekledning i tida framover :D
Mvh
MA ( huldra )
ma ortiz
Her har du tekje på deg eit stort ansvar Knut (16.05.2010 kl. 19:36)
Antyder du at ein kan treffe på slike damer på fjelturane framover, så kan ein rekne med at det kan verte berre kvinner og barn i 17. mai toget i morgon.
Utruleg flotte bilder som kan utløyse kaotiske tilstandar.:-)
Administrator må nok vurdere saka time for time her på portalen.. :-)
Hjørundfjordportalen Administrator
Det første biletet etter teksten (16.05.2010 kl. 18:16)
Fall meg så fagert i augo.
Knut Riise
(16.05.2010 kl. 18:01)
Du vant nettopp en fotokonkurranse, men det bildet blekner mot disse!
Fred Ingar Somby