Hovdeåsen 3 mai 2010
Vi starta ved barnehagen i Hovdebygda, etter ei snøbyge av tettaste sort, letta det og vi var klare for tur.
Janneche, Unni, Ann Helene, Kari, Helga og Norunn.
Jill som var hyra som vegvisar, kom susande over marka på kort varsel.
Fyrst gjekk vi opp på Hovdeåsen, vidare til Høgetua, så langs Hovdevatnet tilbake til start.
Der er mange ulike tualternativ og godt skilta, og godt opptrakka og vedlikeheldt rås.
Mange benkar, skilt som fortel om naturen finn du langs heile løypa.
Dette er ein tur som kan anbefalast til alle.
Her er vi på det som er skiløype om vinteren, siste rest av snøven er ikkje smelta enno her.
Eg og Unni angra på vi ikkje tok med skiene likevel, til Ann Helen sin store forargelse.
Ut på tur ALDRI SUR!
Neste mandag vert det Rotevatnet rundt med Elvadalen etterpå.
Avreise frå Sæbø sentrum kl 1730.
VEL MØTT!