Likar du svingjazz, gladjazz, diximusikk, negro spiritual eller musikk i det heile, må du få med deg denne konserten.

Tricia Bouté er solist, ho har ei flott stemme som kler musikken til enemblet svært godt.

Ytre Suløen har to gongar tidlegare vitje Hjørundfjord kyrkje, begge gongane var det heilt fullt, så ver snar med å sikre deg billett.

Ytre Suløen kjem ikkje til å ha konsert andre stadar på Søre Sunnmøre på forsomaren.

No er bilettane lagt ut for sal på Bellingen og hos Slettedal på Sæbø. Det vert lagt ut 380 billettar.

Bur du langt vekk, men vil heim til Hjørundfjorden under Hjørundfjorddagane, yter vi i nemnda god servise i år også. Du kan tinge billett hos leiaren av nemnda på synnove_hill@hotmail.com eller på 91326967

 

Vi kjem også til å selje billettar ved Amfi , utanfor Aviskiosken i Ørsta  laurdag 29. mai. Folk frå Ørsta kan gjerne bestille billettar og få hente dei den dagen.

 

Vaksen billett er kr 250. Born t.o.m. 16 år er kr 100.

 

Synnøve Rekkedal Hill

-leiar Hjørundfjorddagane 2010-