Dei fleste helselaga i bygdene i Hjørundfjord vart starta i 1930 - 32. Pådrivar var distriktslækjar Jarle Holm.
Nelly Urke vart den siste leiaren i Urke Helselag som no er lagt ned etter 80 års samanhengande lagsarbeid
Nelly Urke opplyste at vedtaket om nedlegging vart gjort fordi det var for få att av medlemene til å drive laget. 80 års samanhengande lagsarbeid er med dette avslutta i Urkebygda.
”Vi gir oss medan leiken er god.” Her er dei siste medlemene i Urke Helselag som møtte på Helselagsbasaren. Frå v.: Åse Urkegjerde, Nelly Urke, Marie Rønning, Ruth Torvik og Katrin Joensen Nordstrand.
Medlemstalet har minka til under 10 og då er det betre å gi seg medan leiken er god, sa kasserar Åse Urkegjerde. Ho har vore kasserar i mange ti-år og då ho overtok, var medlemstalet rundt 65, og nemner mange både kvinner og menn som har vore aktive med i laget gjennom desse åra. Urke Helselag var ein del av Nasjonalforeninga og avviklinga er gjort i samarbeid med hovudlaget. Økonomi og aksjar vert styrt etter reglane for laget.
Siste leiar i Urke Helselag, Nelly Urke, opplyste på basaren at Helselaget går inn som ein del av Urke Grendalag. Medlemene i helselaget vil samle seg om arbeidet til beste for bygda gjennom grendalaget. Dei oppgåver som helselaget utførte, vil falle godt saman med arbeidet i grendalaget.
Som vanleg samlar Helselagsbasaren stappfullt hus. Mange tilreisande som kan vise til røter frå bygda, er årvisse deltakarar.
Men Nelly Urke lova dei frammøtte at den årlege helselagsbasaren skal vidareførast under nytt namn. Ho takka dei frammøtte for samarbeidet gjennom åra.
Om lag 250 gevinstar vart trekte i 12 utlodningar. Åresal og loddbøker ga ein samla omsetning på 23.100 kr.
Kommentarar