Korpset hadde siste øving før sommarferien i dag og då meinte dirigenten vår det kunne passe å spele litt for andre enn berre oss sjølve.

Vi gjorde avtale med sjukeheimen om å spele i hagen, lydnivået kan verte vel høgt når heile korpset stiller opp.

På førehand var vi litt usikre på vêret. Over Grendahuset regna det store vassdropar, men utafor sjukeheimen var det tørt og fint då vi spelte.

Ein del av pensjonærane vart trilla ut for å høyre på oss og vi spelte nasjonalsongar, marsjar, swing og rock til dei.

Vi heldt ikkje på stort meir enn ein halvtime, men vi syntes det var kjekt å få spele. Nasjonaldagen vert det berre eit par songar på vegen framom sjukeheimen før vi må marsjere vidare med toget.

Takk for oss!