Her kjem nokre stmningsbileter frå kampane som vart spelt på Volda stadion. Først ut var 1. klassingane som i dag spelte sine 3 første fotballkampar, og dei imponerte stort.
Rhodos2010 og fotball 173
Her ser vi: Johan, Vegard, Vetle, Rugile, Ida Kristine,
Joakim, Andrine, Nikolai, Iselin, Kristianne og Gaute.

Som Dykk ser av dette flotte lagbilete, så har dei allerie lært seg korleis ein stiller opp når eit lagbilete skal takast( Takk til mamma Therese som instruerte litt).

Rhodos2010 og fotball 164
Som Dykk ser så var her mange ivrige foreldre på sidelinja, og dei var kjempe flinke å heie på oss.
Rhodos2010 og fotball 166
Innsatsen var kjempe bra, og nokre gjekk på nesten med livet som innsats.
Rhodos2010 og fotball 172
Og etter kampen stiller vi på rekke og takkar motstandarane for kampen.

Så var det guttelaget sin tur. Dei består av gutar frå 3.-5. klasse, men i dag var dei berre 5 spelarar grunna sjukdom så 2 lisjebrorar vart hanka inn som innbyttarar. Så dermed var 4 av 7 spelarar yngre enn alle motspelarane. Vi venta og håpte at nokren av jentespelarane skulle kome, men det har tydlegvis våre ein missforståing. Men det gjekk ganske så bra likavel.

Rhodos2010 og fotball 180
Så dagens lag besto av: Kristian, sander, Aslak, Sølve, Vegard, Fredrik og Alexander.
Desse gutta jobba som nokren heltar på bana. Dei spelte 3 kampar på strekk, så det vart ikkje mykje pause på dei. Desverre vart det lite mål på dei, men då lovnaden om at første mål skulle premierast med pølse i kiosken slo Aslak til.
Rhodos2010 og fotball 177
Her er Aslak i angrep mot Austefjord.
Rhodos2010 og fotball 178
Skolisser måtte knytast og då nytta Sølve moglegheita til ein liten matbit. Han var sleten etter fotballkampane han hadde spelt på Høddvoll i lag med laget sitt, 2. klasse, så han måtte ha påfyll av energi.
Rhodos2010 og fotball 181
Sjølv om resultata ikkje var dei beste så var stemininga på topp.

Tusen takk for ein kjempe kjekke dag til både ivrige fotballspelarar og nesten like ivrige fotballforeldre og supportera. Sjølv om veret var litt surt og vi vart litt kalde så var det ein fin fotballdag.