Ho har blada i bilete og gjort opptak og atter opptak. Ting skal forteljast og blikk skal festast. Så sviktar lyden, og mikrofonen losnar. Så aukar vinden, eller så kjem ein bil. Ein dag var vi godt i gang, så var det nokon som fyrte opp eit bål. Dermed vart det å kome seg i hus. Men Hilde er like roleg og behageleg.

April 2010 026

Ingenting å seie på kontakta mellom Ragna Riise og Hilde. Og det trengdest nok, for tante Ragna hadde den tyngste historia å fortelje.

 Eg er nesten dagstøtt ned til det gamle tunet utan at eg ofrar historia ein tanke. Men det vert med ein gong noko anna når ein må hente det fram frå minnet. Då kjem det fram både bilete og redsel som ein har fortrengt i årevis. Då blokkerar klompen i halsen opptaket, og ein må ta det på nytt. Men det er rart med det, for kvar gong ein fortel og gjenopplever , til lettare vert det.

Siste dagen med opptak for min del, enda Hilde og eg på Sæbø for å gå oppatt siste del av turen eg gjorde til Sæbø den gongen. Eg likte det berre så passeleg, men Hilde fekk meg med så fint at det vart ikkje ubehageleg i det heile.

Etterpå var vi på vaflebesøk hos tante Ragna.

April 2010 027

"Bare kaffi, Ragna", sa Hilde. Men det vart nok litt vafler også.

Då eg gjekk, måtte det fiksast litt på eit opptak, før dei skulle på Hjørundfjordheimen for å gjere opptak av Ragna og dei andre syngedamene.

April 2010 020

Berre litt finpuss, det var noke som vart litt utydeleg sist.

Så håpar eg at Hilde gjer det godt med dokumentaren som ho skal levere som ein eksamensdel på utdanninga si.

Ikkje minst håpar eg at det vert ein arbeid som greier å få ettertida til å forstå kva som gjekk tapt i Korsafonna.

 Det er ikkje tvil om at barndomsåra og miljøet ein veks opp i har stor betydning for resten av livet for dei fleste. Men for oss som vaks opp på Gamle- Rise er alt uendra frå tida før alt vart utsletta. I alle fall har eg mykje av det inntakt om eg vil ta det fram. Eg kan til og med kjenne lukta av brennenesle og skvalderkål når eg i tankane spring gjennom gamle bærhagen framom løda vår. Personar og bygningar kjem også klart fram,- om eg vil.

Litt av dette håpar eg kan formidlast til ettertida. Det er ikkje lett, som Hilde seier, å formidle det til både bygdafolk og til dei som aldri har vore i Bondalen.

Eg håpar at ho lukkast. Det fortenar ho.

Eg må tilstå at eg er ikkje sikker på om eg greier å sjå filmen. I alle fall ikkje med det første. Men kanskje ein gong før kyrkjeklokka slår meg ut?