Snart er det sommar og i dag, fredag 21. mai klokka 0930, opnar Kanutte og Dagfinn Strand (Nutte og Daffa) både kafe og bakeri.  Dagfinn lovar svært så ferske brød i butikken.  Slit du med kalde hender og fingrar er det berre å kjøpe eit brød.  Alle brøda er sjølvsagt steikt i steinomn.

009 (2)
Grøvbrød, halvfint, loff, Hjørundfjordbrød, Ørstabrød, speltbrød... Alle brød er ferkse og alle brøda er laga frå botnen av på bakeriet på Sæbø, lovar bakar Dagfinn.

Men det er slett ikkje berre brød som vert å få kjøpt - rundstykker, bollar, skulebollar, timpe, eplekake, fyrstekake, banankake osb., osb. vert også liggande i disken.  Vil du ha kaffi, is eller brus er det også å få kjøpt.

Opningstider:  Kvardagar frå klokka 0930 - 1630
                          Laurdagar frå klokka 0930 - 1430

Skal du gjere større innkjøp kan det vere klokt å ta ein telefon på førehand.  Ring i så fall tlf. 957 08723.

Kanutte og Dagfinn ynskjer alle velkomne.

021
Og bakeriet har sjølvsagt eigen fortauskafe.  Dagsferskt foto ein time etter opning.