Snart er det sommar og i dag, fredag 21. mai klokka 0930, opnar Kanutte og Dagfinn Strand (Nutte og Daffa) både kafe og bakeri. Dagfinn lovar svært så ferske brød i butikken. Slit du med kalde hender og fingrar er det berre å kjøpe eit brød. Alle brøda er sjølvsagt steikt i steinomn.
Grøvbrød, halvfint, loff, Hjørundfjordbrød, Ørstabrød, speltbrød... Alle brød er ferkse og alle brøda er laga frå botnen av på bakeriet på Sæbø, lovar bakar Dagfinn.
Men det er slett ikkje berre brød som vert å få kjøpt - rundstykker, bollar, skulebollar, timpe, eplekake, fyrstekake, banankake osb., osb. vert også liggande i disken. Vil du ha kaffi, is eller brus er det også å få kjøpt.
Opningstider: Kvardagar frå klokka 0930 - 1630
Laurdagar frå klokka 0930 - 1430
Skal du gjere større innkjøp kan det vere klokt å ta ein telefon på førehand. Ring i så fall tlf. 957 08723.
Kanutte og Dagfinn ynskjer alle velkomne.
Og bakeriet har sjølvsagt eigen fortauskafe. Dagsferskt foto ein time etter opning.