Sidan vi skulle spele seriekamp mot sjølvaste Aafk, og A-laget deira hadde heimekamp same dag, ordna vi det slik at gjengen fikk både i pose og sekk.
Fulle av energi allereie ved avreise...
Her fra oppvarminga- sidan det var opptatt på Color line, gjekk kampen vår på Aksla Stadion.
Det var ein spennande kamp, der heimelaget leia 2-0 før Sæbø snudde kampen, og vann til slutt klart.
Etter kampen hadde Aafk ordna slik av vi fikk låne klubblokalet til Sk. Guard på color Line, der vi ordna med Pizza og brus.
Rimeleg mette etter mykje Pizza vart det litt avslapping før eit av høgdepunkta:
Nemlig full omvisning på stadion. Her må det nemnast at fotografen var så engasjert at han glømde heilt å ta bilder.
Det var uansett kjekt å sjå kva som skjer i kulissene like før eit slikt arrangement.
ein halvtime før avspark var gjengen iferd med å finne plassane sine.
For fleire var dette første gang på Aafk-kamp, og det fall ismak.
Verså snill-få... Tare er ein populær maskot
Jubel etter mål for Aafk.
Ser man det, jubla vist litt dinna karen med.
På heimveg- litt futt igen etter ein lang dag.
Takk til Aafk, som viste stor vilje, Ø. Vebenstad for profesjonell omvisning og Guard for utlån av lokale.
Ikkje minst takk til Jan Rune som sjåfør, håper sommardekka er på plass til neste gang Sæbø-bussen skal ut av bygda.
Forresten :Aafk vann 3-1 mot Strømsgodset
Har du lyst å sjå vår neste heimekamp, er den allereie Søndag 30.mai kl.13.30
Per Stein Straume
Kommentarar
Å ikkje minst det vart seier :)
Syns det er flott at nokre foreldre lagar til sosial tur i same slengen som kamp. Dokke er jammen flinke!
Blir kamp for g14 allereie søndag.. så blir spennande med fleire kampar.
Helsing mamma Elisabeth Å D