Gode bygdefolk. Gratulerer med dagen.

 

Den 17. mai 1940 skreiv Jørgen Hustadnes i dagboka si, slik det er skildra i Frå Hjørundfjord, årsskrift nummer 22.  ”I dag er det 17. mai, Noregs friheitsdag med nydeleg pent ver. Det er forbode å feire. Triste greier, det er ikkje likt seg lenger. Ingen feirar 17. mai. Ingen flagg. Berre krig og elendigheit.”

Slik skildra ein ung mann den første grunnlovsdagen i eit okkupert land. Det var så vidt gått ein månad sidan den tyske invasjonen av Noreg. Fridomen var ikkje der lenger. Rett nok var det framleis krigshandlingar i Noreg. Det vart kjempa mot den tyske okkupasjonsmakta, men ein månad seinare var kampane på norsk jord over, og okkupasjonen var eit faktum.

Jørgen sette ord på det folk kjende. Okkupasjonen fekk følgjer. Det var ikkje lenger lov å seie det ein ville, eller gjere det ein ville. Den 23. juni 1940, på jonsokaftan, skriv Jørgen i dagboka si: ”I år har dei tyske myndigheiter bestemt at det ikkje er tillate å brenne St. Hans-bål over heile Noregs land.”. Men Jørgen fortel same dag i dagboka si om eit folk som ikkje heilt vil underordne seg okkupasjonsmakta. Sæbø sitt fotballag tapte med 1-0 i Sykkylven. Men då dei kom tilbake kl. 23.15 var det full song med Ja vi elsker.  Og Jørgen fortel også at det vart jonsokfeiring på Kvistad, der det vart dansa.

I dag, sytti år seinare, feirar vi 17. mai i eit fritt Noreg, der grunnlova er grunnmuren for demokratiet.  Vi planlegg 17. mai fleire dagar i førevegen. I byar og bygder er det dugnader for å få ei best mogleg ramme rundt dagen. Også her på Sæbø. Folk står på med å pynte, lage mat, servere, ordne til, og å rydde. Dugnadsinnsatsen er også eit fundament i demokratiet vårt.

På Sæbø og i Hjørundfjorden er vi eigentleg heldige. Vi har eit oppgåande frivillig lagsliv. Ja, det kan einskilde år vere vanskeleg å få tillitsvalde i første runde. Men det ordnar seg.  Frivilligheita  gjer at borna våre kan spele fotball og handball, frivilligheita gjer at vi kan nytte naturen på stiar og i råser, og frivilligheita  gjer at vi kan lese soga vår, og få historier som dei Jørgen Hustadnes fortel i dagboka si.

På bygda har vi ikkje det slik som i dei store byane. Der kan vi kjøpe oss eit kulturtilbod. Her, og i andre bygder, kan vi ikkje gjere det i same grad. Vi er ikkje nok folk til å skape eit grunnlag for eit betalingsbasert kulturliv. Vi må skape kulturlivet sjølve, og det gjer vi til gagns. Her i bygda har vi tredjedagsfest, påskerebus og ikkje minst Hjørundfjorddagar. Vi har kulturvandringar, idrettsstemne, strikkekafe  og kyrkjelege aktivitetar. Då har eg truleg ikkje nemnt halvparten ein gong. Alt er like verdfullt.

 IMGP5567
Rune Sæbønes

 Denne frivilligheita må vi verne om. Vi har eit ansvar sjølve med å stille opp. Likevel, også det offentlege har eit ansvar. Ørsta kommune har dårleg økonomi, men det gjev ingen god økonomi på lang sikt for kommunen dersom det vert skapt eit lagsliv som slit for å få det til å gå rundt, og at innsatsen i laget handlar meir om å skaffe pengar enn å skape aktivitet. Det vil gå utover trivselen, og viss ungdom kjenner at dei er lite verde, og dei kjenner mistrivsel, då er ikkje vegen ut frå kommunen til nye beitemarker lang.

Difor er det eit ansvar for kommunen og våre folkevalde å auke innsatsen overfor det frivillige lagslivet. I ei tid der offentlege institusjonar på bygdene vert bygde ned, er det det  frivillige lagslivet som meir og meir vert limet i bygda. Det er det frivillige lagslivet som skaper møteplassane, som skaper aktivitet og som skaper trivsel. Ei bygd utan eit fotballag, er ikkje ei skikkeleg bygd.

Også i lokalavisa har vi eit ansvar overfor frivilligheita. I Møre-Nytt skal vi vere med å stimulere til lagslivet med å skrive om det. Vi skal skrive om dugnadsinnsatsen, om stemna og om møta. Spaltene våre skal vere opne for dei som vil ha inn stoff og bilete frå sine arrangement. Dette er også med på  å hegne om kulturlivet og frivilligheita. For Møre-Nytt er det faktisk betre stoff at Mikkel Riise skårar sigersmålet mot Hovdebygda, enn at Tor Hogne Aarøy var i Volda ein tur.

Møre-Nytt er ei av mange lokalaviser i Noreg. Spesielt her på Sunnmøre står bygdeblada sterkt. Vi har ei oppgåve å fylle med å spegle av det som skjer i lokalsamfunnet. Vi har ei oppgåve med å fortelje om det som kan påverke dagleglivet til folk, og vi skal vere ei vaktbikkje overfor det offentlege for å sikre at folk sine rettar vert tekne vare på.

Det som gjer at Møre-Nytt og andre media kan gjere dette arbeidet, er ytringsfridomen. I Noreg er ytringsfridomen sikra i lovs form. Vi har til dømes offentlegheitslova. Denne lova sikrar Møre-Nytt og  andre media, og også folk generelt, rett og lov til innsyn i offentlege dokument. Vi har forvaltningslova som sikrar at offentlege møte er opne for ålmenta. I botnen for dette lovverket ligg Grunnlova, og for ytringsfridomen sin del, paragraf 100.

”Ytringsfrihed bør finde Sted.

       Ingen kan holdes retslig ansvarlig for at have meddelt eller modtaget Oplysninger, Ideer eller Budskab, medmindre det lader sig forsvare holdt op imod Ytringsfrihedens Begrundelse i Sandhedssøgen, Demokrati og Individets frie Meningsdannelse. Det retslige Ansvar bør være foreskrevet i Lov.

       Frimodige Ytringer om Statsstyrelsen og hvilkensomhelst anden Gjenstand ere Enhver tilladte. Der kan kun sættes slige klarlig definerede Grændser for denne Ret, hvor særlig tungtveiende Hensyn gjøre det forsvarligt holdt op imod Ytringsfrihedens Begrundelser.

       Forhaandscensur og andre forebyggende Forholdsregler kunne ikke benyttes, medmindre det er nødvendigt for at beskytte Børn og Unge imod skadelig Paavirkning fra levende Billeder. Brevcensur kan ei sættes i Værk uden i Anstalter.

       Enhver har Ret til Indsyn i Statens og Kommunernes Akter og til at følge Forhandlingerne i Retsmøder og folkevalgte Organer. Det kan i Lov fastsættes Begrænsninger i denne Ret ud fra Hensyn til Personvern og af andre tungtveiende Grunde.

       Det paaligger Statens Myndigheder at lægge Forholdene til Rette for en aaben og oplyst offentlig Samtale. ”

Ytringsfridommen har vore med Grunnlova sidan Eidsvoll i 1814. Paragrafen har vorte revidert, og ytringsfridommen i Noreg har sine  avgrensingar. Mitt personlege syn er at han er for avgrensa, men den debatten skal vi late liggje no.

For uansett står ytringsfridommen sterkt i folk sitt medvit i Noreg. Ein skal få seie kva ein vil.

I den vestlege verda i dag opplever vi at ytringsfridommen vert truga. Det vert reagert med vald, brannar og drap grunna satiriske teikningar. Dette er ikkje akseptabelt. Ytringsfridomen må vere uangripeleg. Demokratiet vil ikkje fungere utan. Difor må det ikkje vere nokon ”men” når vi ser, les og høyrer om angrep på ytringsfridommen.

I dag er det frå einskilde grupper innan Islam vi opplever åtaka på ytringsfridommen i frå. Det ver sagt at dei vert krenkte. Ytringsfridommen gjev faktisk rett til å krenkje.

Sjølv om vi meiner at ytringsfridommen står sterkt blant folk flest i Noreg, er det ikkje så mange år sidan det vi opplever som våre verdiar og vår tru vart truga gjennom satire. For tretti år sidan i år var det møte i Ørsta kinostyre om filmen ”Life of Brian ”, ein humoristisk film om ein opprørar og profet på Jesu tid,  skulle visast på Ørsta kino. Med knapt fleirtal vart det vedteke å sleppe filmen til.

Dette fortel oss at ytringsfridommen kan vere vanskeleg også for oss som har vakse opp med vestlege verdiar. Ytringsfridommen er ikkje beint fram. Ingen av oss likar å verte krenkte, men det som då er denne fridommen sin styrke, er at vi kan svare tilbake. Det er slik vi må halde oss til denne fridommen. Det som byggjer demokratiet er debatten og dei gode argumenta, og debatten må vere fri.

Vi har i løpet av det siste tiåret fått nye arenaer for ytringar. Då tenkjer eg sjølvsagt på internett og ymse mobilplattformar. Dei nye kommunikasjonskanalane har opna eit heilt nytt rom for samtale og ytringar. Av og til kan det gå heftig føre seg, og det kjem ytringar som ikkje burde ha kome. Ikkje fordi dei burde ha vore forbode, men fordi ytringsfridom også handlar om folkeskikk. Skal ein samtale verte god, då pratar vi. Det skal ikkje ropast og skjellast.

Eg er likevel overtydd om at desse nye kommunikasjonskanalane vil vere ein døropnar for ytringsfridom og demokrati i dei delane av verda der det framleis er undertrykking. I Kina har styresmaktene ganske god kontroll over innbyggjarane sine, men det største trugsmålet dei føler, er internett. Så godt dei kan, prøver styresmaktene å hindre fri flyt av informasjon, men eg trur ikkje det vil gå så mange år før oppgåva med å sensurere vert for stor.

Det er eigentleg ganske typisk at når dei heftige reaksjonane på ytringar kjem, er det ofte fordi desse har kome gjennom humor og satire. I dei totalitære statane er humor noko av det farlegaste som finst. Ikkje noko diktatur likar å verte latterleggjord. For eit kua folk, er humor og latter både noko som kan halde motet oppe, og som kan samle ein i kamp mot det totalitære.

Slik var det i kneipene i Praha, i kyrkjene i Leipzig og på tango-kafeane i Buenos Aires. Det vart kviskra og planlagt mot styresmaktene, men det vart også fortalt vitsar, som var meir nådelaust treffande mot diktaturet enn kva nokon sint tale kunne verte.

Også Jørgen Hustadnes brukte latterleggjering i dagboka si. Den 10. august i 1940 skreiv han i dagboka si: ”Frå kl. 23 i kveld skal klokka framsetjast ein time frå kl. 23. til 24. Det er tysk sumartid som skal innførast. Det er noko idiotstell av desse larve tyskarane. Det vert nok ikkje det siste dei finn opp, toskane.”

Ytringsfridommen handlar også om å kunne ytre seg på sitt eige språk. I Noreg er det i år 125 år sidan Stortinget vedtok å jamstille nynorsk med riksmålet, eller bokmålet. Det er det ikkje alle i Noreg som har likt, og den dag i dag er det grupperingar som har så mykje i mot nynorsken at dei vil avgrense bruken av han.

I alle fall eit politisk ungdomsparti har programfesta at sidemålsundervisninga i Noreg skal avskaffast. For dei fleste her handlar sidemålsundervisning om opplæring i bokmål. Men det er ikkje bokmålet ein vil til livs, men nynorsken. Eit av argumenta som vert nytta mot sidemålet er at vi ikkje kan ha tvang i skulen. Vel, sist eg sjekka, var heile skulen bygt på tvang. Matematikkopplæring er tvang, engelskundervisning er tvang, og jamvel gymnastikktimane er tvang. Høyrt maken til vås.

Språket vårt er den sterkaste identitetsbyggjaren av alle. I våre delar av landet  er nynorsk skriftspråket som ligg nærmast opp mot talemålet vårt. Nynorsken gjev oss identitet som nordmenn, vestlendingar, sunnmøringar og hjørundfjordingar. Difor er det faktisk ganske alvorleg at einskilde grupperingar går laust på nynorsken slik dei gjer. Det er eit åtak på svært mange nordmenn sin identitet.

Vi har eit ansvar sjølve med å bruke skriftspråket vårt, og det skjer gledelege ting. Fleire og fleire i det lokale næringslivet nyttar nynorsk i marknadsføringa si. Det var ikkje sjølvsagt berre for ti år tilbake, og det skulle eigentleg berre mangle at ikkje næringslivet brukar det språket lokalt som innbyggjarane sjølve nyttar.

Denne språkkampen er ikkje noko typisk norsk. Over heile verda kjempar folkegrupper for å bruke sitt eige språk. Men i takt med globaliseringa, er det andre trugsmål mot minoritetsspråk enn majoritetsspråket internt i eit land. Vi har ei anglifisering utan like. Engelsken påverkar oss meir enn vi likar. Ikkje berre gjennom ord, men også i måten vi skriv og seier ting på. Nokon vil seie at ein  berre må følgje utviklinga, men språk er kommunikasjon, og målet med kommunikasjon er at flest mogleg skal forstå. Vi risikerer å få ei språkutvikling der noko språk er for nokon, og eit anna språk er for andre. Arbeidslivet kan verte endå meir oppdelt enn i dag, der dei som ikkje meistrar engelsken og engelske uttrykksformer ikkje får innpass eller ikkje vil fungere. Dette er no styresmaktene våre vare for, og kom for to år sidan med ei eiga språkmelding om språket vårt, og kva vi må vere på vakt mot.

Dette handlar også om ytringsfridom. Vert mulegheita til å delta grunna ei uheldig språkutvikling svekt, vert også ytringsfridommen og demokratiet svekt. Då handlar det om å styrkje språkopplæringa i skulen, både norsk, i hovudmål og sidemål, men også i engelsk og andre framandspråk. Vi skal ikkje frykte språkverknaden utanfrå med å avgrense mulegheitene til å lære andre framandspråk. Det er berre med å kunne språk vi kan meistre den påverknaden som kjem.

Mai er fridommens månad i Noreg. I dag er det det Grunnlovsdagen, og for ikkje mange dagar sidan vart frigjeringa av Noreg markert. Den 8. mai var det 65 år sidan Tyskland overgav seg vilkårslaust til dei allierte.

Fredsbodskapen kom alt den 7. mai til Sæbø. Og vi skal late Jørgen Hustadnes si augevitneskildring vere vitne for kva fridom, demokrati og ytringsfridom har å seie. Den 7. mai 1945 skreiv han i dagboka si: ”Dei sa det frå London. Tyskland har kapitulert betingelsesløs på alle frontar. Norge er fritt! Kl. 19.15 ringte kyrkjeklokka. Folket jubla.  ”Vi er Fri” for fram igjennom dalen”.

 

Takk for meg, og vidare god feiring av dagen.