Først er du det vi kallar ein aspirant. Aspirantane får opplæring gjennom Ørsta kulturskule i minimum eit år. Der lærer du notar og får lære å spele på eit instrument. Allereie i desember første året får du vere med og spele på korpset sin julemarknad

Etter eit til to år er du det vi kallar junioraspirant. Då skal du ha lært så mykje at du kan ta del i korpset sine øvingar. Det er ikkje alltid så lett å hugse/vete korleis ein skal spele, men i lag med dei andre i korpset er det alltid hjelp å få.

Tida går fort og plutseleg er du så flink at du får spele solo

Opplæringa skjer i kulturskulen og søknadsfristen er 16. april. Søknad på eige skjema direkte til kulturskulen. Dei som søkjer må vere 2. klassing frå hausten, eller eldre.

I fjor vinter fekk Sæbø skulekorps kr. 25.000,- i prosjektmidler frå Sparebank1 Volda og Ørsta. Desse er øyremerkt aspirantopplæring.

Det vil seie at Sæbø skulekorps kan dekke opplæringsutgiftene for inntil 10 nye aspirantar det første året. Aspirantane må sjølve betale kulturskulen, men vil få tilbake kr. 2.600,- frå korpset etter at det første året er fullført med aktiv deltaking i undervisinga. Dei låner instrument frå korpset og må til gjengjeld hjelpe til med gevinstar, kaker og liknande når korpset har arrangement 2 – 3 gongar i året.

Korps er kjekt, det er sosialt og det gir ei kjensle av meistring når ein skaper musikk i lag med andre.

Dersom du tidlegare har spelt i korps og har lyst til å prøve deg igjen vil vi ta godt imot deg!

Vi øver på Grendahuset kvar torsdag kl. 19.00 - 21.00.

Dersom du berre kan øve ein av timane, eller annankvar torsdag er det heilt greit:)

Velkomne til Sæbø skulekorps!

Instrument