Det var kjekt for oss å kunne ta mot denne turistgruppa som besøkte Bjørke på Torsdag og Fredag.

Torsdag fekk dei låne Symjehallen på Bjørke  og det var sikkert godt etter en kald tur på Eidskyrkja.

Middag blei det seinare på Ungdomshuset før vi avsluttet kvelden med filmframsyning frå Hjørundfjorden og dans.

En koselig kveld både for gjester og verter.

Fredag startet vi på Ungdomshuset kl 14.

Vi gjekk Kulturminneløypa som går rundt Bjørke

 

Bilde 072

Eg håper vi fekk vise dei noko av den fine kulturen og kulturhusa vi har på Bjørke.

Her er det Einar Saure som fortel om dei gamle nausta på Bjørke.

Vi besøkte dei fleste av dei gamle husa i Bjørkevikja. Notahuset   J-Buda-Naustrekkja og Kyrkja

Sverre B Bjørke viste gjestene våre den flotte Kyrkja og fortalte historia som høyrer til den.

Turen gjekk så opp til Bjørke der dei fekk høyre om husmannsplassen (Tueplassen) og kjelshaugen.

Kaffi blei på Ungdomshuset før laget forlet Bjørke.

Det var meininga å gå over Tyssedalen og til Fivelstadhaugen men det avlyste dei på grunn av veret.

Eg håper dei kan gå turen frå Bjørke til Fivelstadhaugen neste gang dei besøker Bjørke.

Gruppa køyrde med bil rundt Horningdalen

til Villa Norangdal på Fivelstadhaugen

Fleire fjell på sunnmøre stod på programmet deira.

Eg håper ikkje veret øydelegg for mykje for dei.

Takk til alle som hjelpte til desse dagene.

Takk til Erik Øye og turopratør Hemo Travels

Velkommen igjen.

Helsing Perry Bjørke.