Det var kjekt for oss å kunne ta mot denne turistgruppa som besøkte Bjørke på Torsdag og Fredag.
Torsdag fekk dei låne Symjehallen på Bjørke og det var sikkert godt etter en kald tur på Eidskyrkja.
Middag blei det seinare på Ungdomshuset før vi avsluttet kvelden med filmframsyning frå Hjørundfjorden og dans.
En koselig kveld både for gjester og verter.
Fredag startet vi på Ungdomshuset kl 14.
Vi gjekk Kulturminneløypa som går rundt Bjørke
Eg håper vi fekk vise dei noko av den fine kulturen og kulturhusa vi har på Bjørke.
Her er det Einar Saure som fortel om dei gamle nausta på Bjørke.
Vi besøkte dei fleste av dei gamle husa i Bjørkevikja. Notahuset J-Buda-Naustrekkja og Kyrkja
Sverre B Bjørke viste gjestene våre den flotte Kyrkja og fortalte historia som høyrer til den.
Turen gjekk så opp til Bjørke der dei fekk høyre om husmannsplassen (Tueplassen) og kjelshaugen.
Kaffi blei på Ungdomshuset før laget forlet Bjørke.
Det var meininga å gå over Tyssedalen og til Fivelstadhaugen men det avlyste dei på grunn av veret.
Eg håper dei kan gå turen frå Bjørke til Fivelstadhaugen neste gang dei besøker Bjørke.
Gruppa køyrde med bil rundt Horningdalen
til Villa Norangdal på Fivelstadhaugen
Fleire fjell på sunnmøre stod på programmet deira.
Eg håper ikkje veret øydelegg for mykje for dei.
Takk til alle som hjelpte til desse dagene.
Takk til Erik Øye og turopratør Hemo Travels
Velkommen igjen.
Helsing Perry Bjørke.
Kommentarar