Ramoslekt slåttonn

Her er det pause under slåttearbeidet i Ramogarden på teigen Øyane - litt fram over dalen frå Urke.  I bakgrunnen ser vi Smådalstindane – som i Sykkylven heiter Regndalstindane. Til høgre ligg Haukåsen og Haukåstindane.

Ramo-folket har stoppa opp for at Bernt O. Wille frå Sæbø ville feste på filmen det daglege strevet i høyonna i eit av dei første åra på 1930-talet. Bernt var gift med Steffine, søstra til  Ramo-Johan, så det var svogeren som var komen til gards. Og då var sjølvsagt det velbøtte daglegtøyet godt nok. Annleis var det når ein ser bileta t.d. Knud Knudsen og Alex Lindahl som var profesjonelle, omreisande prospektkortfotografar. Då ser ein gjerne at kvitskjortene og vestane vart henta fram t.d. under høyonna.

Frå venstre  odelsguten Nils – som vart den neste brukaren av garden. Han har fått jobben med å setje opp hesja. Alle strengane vart strekte opp før handhesjinga tok til. Deretter ser vi dottera Lydia og mora Karen, f. Urkegjerde , med riva. Bak står sonen Egil med ein småljå i handa og ein rimeleg original hatt på hovudet. Heilt til høgre har gardbrukaren Johan S. Urke langorv i handa og solide bøter på broka. Markene var slegne med hesteslåmaskin, men kantane måtte slåast med ljå.

For den som veit meir om Karen sin lagnad, høyrer det med å fortelje at nokre år seinare har ho uheldig og fekk venstre handa inn i treskemaskina og måtte amputere ovanfor albogen. Turen til Volda tok mange timar og bedøving fanst  ikkje til den transporten.

Denne hendinga gjorde som venta eit  inntrykk i bygda.  Ei tid etter var det møte på bedehuset og det var ikkje så underleg at Store-Fredrik gjorde seg nokre refleksjonar der Karen si manglande arm var bakgrunn for denne tankerekka:

”Er det ikkje merkjeleg? Det stend ikkje i menneskjeleg makt å lage ei hand eller ein fot. Men å lage eit heilt menneske, er berre ein leik!”

Det er ikkje så underleg at denne historia vert fortalt den dag i dag.