Hjørundfjordportalen » Lokalt » Påske-linjer

Attende til hovudsida
  • Lokalt
  • Tourist
  • Natur
  • Bygdene

Søk

  • Hovudside
  • Toppturar i vinterfjell
  • Artiklar
    • Bygdeutvikling
    • Folk og bygd
    • Kultur
    • Landbruk
    • Lokalnytt
    • Natur
    • Portalnytt
    • Sport
    • Ymse
  • Fast stoff
    • Hjørundfjordheimen
    • Kyrkjekalender
  • Om portalen
    • Kontaktpersonar

Søk

  • Hovudside
  • Toppturar i vinterfjell
  • Artiklar
    • Bygdeutvikling
    • Folk og bygd
    • Kultur
    • Landbruk
    • Lokalnytt
    • Natur
    • Portalnytt
    • Sport
    • Ymse
  • Fast stoff
    • Hjørundfjordheimen
    • Kyrkjekalender
  • Om portalen
    • Kontaktpersonar

MENY
Logg inn
  • Logg inn
  • Ny brukar
Brekketindane.Linjer

Påske-linjer

Etter at det skein av på ettermiddagen skjærtorsdag, fann eg og læresveinane mine ut at vi ville leggje nattverda til Patchell-hytta. Vi nådde nett fram før det mørkna - etter ein heller tung tur opp Skylstad-brekka. Men i motsetnad til Peter, sette ikkje Åsmund seg på bakbeina denne gongen. Til gjengjeld vaska eg føtene hans når vi var vel framme. Eit par timar seinare skimta vi ei hovudlykt på veg opp Habbostaddalen, noko som tydde på at også den andre læresveinen, Benjamin H., hadde funne den rette vegen. Den lange fredagen starta med stiv kuling og snøføyke, men slutta langt lukkelegare for meg og læresveinane enn for han i analogien. Vi fekk nemleg køyrd ei påske-linje som lenge har stått på programmet - i puddersnø. Ho startar like under toppen av Store Brekketind og hellar på det meste kring 50 grader 300 høgdemeter beint ned på exiten på Gullmorbreen (Merka med raud strek på biletet). På slutten av dagen måtte eg gjere vendreis, men læresveinane var byrge nok til å ta seg til rette på ei paralell-linje dagen etter (merka med grøn strek på biletet). Eg kjem kanskje attende med action-bilete når eg får dei frå den bortreiste læresveinen Benjamin. Kan hende blir det også ei skildring av ei linje eg køyrde i Nordre Sætretind tidlegare i påska, i tillegg til eit par bilete av årets X-Tind-trase.

Lagt inn av Stig Helset
12.04.2010 23:42

Kommentarar


Tilfeldige artiklar:

11b

Kva er dette?
(07.09.2010)

Retur fra Skår

Tapte heilt pusten da ørnen passerte ...
(12.08.2010)

1

Store Smørskredtind - 1631m
(04.05.2009)

Gunnaråsa 31-7-09

Gunnarråsa - forberedelse til Saudehornet rett opp.
(10.08.2009)

_IGP9623b

Midtre Raudfonndalstind
(19.04.2012)

Programleiaren, Wanders of the Universe, med utsik

Hjørundfjorden i verdsrommet
(12.03.2012)

_IGP5461b

Søre Grøtdalstind - 1334m
(11.10.2009)

115 - Kopib

Blåfjellet(Blåtinden) - til å smile av
(04.04.2010)

Fjorden kopi

Tungremtinden - 1290 m
(08.04.2009)

IMGP0631_2_1

Har du lyst å være reportar på Hj. portalen?
(27.05.2011)

    • Logg inn
    • Ny brukar

Aktivitetskalender

Ingen aktivitetar i dag

Sjå heile kalenderen

Klikk for å sjå Hjørundfjorden LIVE (webkamera)

Hjørundfjorden LIVE

Nettstadskart/Sitemap Kontakt/Contact Informasjonskapslar / Cookies Rapporter feil

Hjørundfjordportalen 2006 - 2023