Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

033b

Eit snev av Himalaya.  Fred Ingar (Somby) t.v. og Trond Haugland på toppen
av Nordre Grøtdalstind. Foto mot vest.

Av dei tre Grøtdalstindane høyrer vi ikkje så mykje om den Nordre.  Skiboka "Skiturar i Sunnmørsalpane" omtalar denne toppen stort sett berre slik:  "Nordre har vanskelegare terreng på alle sider".  Så er det vel derfor vi høyrer lite om denne toppen - den er kort og godt ikkje så lett tilgjengeleg som Søre og Midtre.  Men det er vel lov å prøve å kome seg til topps her også?

rcdjihnxlvfcmzqr5pj3fn45f81df75b-aabd-4e51-a97b-81 004b
Ruta vi gjekk er teikna inn med raud strek både på kartutsnitt (t.v.) og foto. Fotoet til høgre er tatt ikkje langt frå Årskogstøylen i Lissjedalen (Der Lissjedalen flatar ut etter ei heller bratt stigning).

Nettstaden yr.no kan vere svært så flinke til å treffe vêret, men dei siste dagane har dei bomma  - vêret har stort sett blitt mykje betre enn meldt. Men slike bommar får ein godta - de meiner i alle fall ok for turkameratane Trond Haugland og Fred Ingar Somby frå Volda og underteikna.

For å finne fram til Lissjedalen tek du av til venstre frå rv. 655 ved Holebrua (ved busskur) eit par km før du kjem til Sæbø.  Ta straks til høgre og køyr så ca. 100 m mot Sæbø før du tek av første veg til høgre.  Er det lite snø ser du kanskje eit treskilt merka med Litledalen.  Du køyrer no oppover ein traktorveg så langt du kjem på austsida av Holeelva. Så er det berre å gå vidare oppover etter traktorvegen og til slutt etter råsa som fører oppover til Høgereset og Nøvedalen.

001b 002b
Fred Ingar(t.v.) og Trond klar for Nordre Grøtdalstind.  Legg merke til det lette skiutstyret Trond her brukar - utstyr som er spesiallaga for å kome seg raskt til topps.

Eg var nok litt skeptisk til å gå på tur med desse to raske herrane frå Volda.  Svigerson Fred Ingar kjenner eg til og eg visste at Trond i lang tid har trena for X2 komande helg. Men det gjekk overraskande fint - Fred Ingar sleit med klabbar under fellane og Trond gjekk oftast som ein gentleman i fint tempo i djupsnøen framom meg. Eg drog sjølvsagt knapt ein meter.

005b
Vakkert terreng.  Søre Grøtdalstind til venstre - Nordre litt meir mot høgre(mørk fjellvegg).

Vi vart overraska over kor mykje nysnø det hadde kome i høgda i løpet av helga.  Truleg var det mellom 0,5 og 1,0 m nysnø i toppområdet.  I vinter har overraskinga stort sett gått motsett veg - vi har undra oss over små snømengder i fjellet.

DSC_0187
Fred Ingar og underteikna på veg oppover på nordsida av Grøtdalen.  Utsikta mot Hjørundfjorden vert betre etter kvart som det går oppover.  Foto: Trond Haugland.

Det er nok ein del bondalingar som kjenner godt til Trond - gift med ei Sæbø-/Sæbønesjente som han er.  Kona heiter Monica Hjellen.  Men i dette området hadde nok ikkje Trond vore før. Han brukte nemleg fotoapperatet sitt som ein japansk bussturist og brukte store ord som ein amerikanar.  Trond har i alle fall rett i at på denne tida av året er det langt betre å nå Grøtdalstindane frå denne kanten framfor å gå opp-/renne ned på sørsida.

019b 021
På fotoet til venstre nærmar Trond seg toppområdet.  På fotoet til høgre ser vi Nordre Grøtdalstind rett i mot.  Sjølve toppen litt litt lenger bak.  Legg merke til all nysnøen.

Kva som er lettaste ruta til topps i vintermånadane er ikkje så lett å vere sikker på - kan det vere lettast å gå opp ei renne frå motsett side, altså frå vest - frå Bjønndalen? I utgangspunktet hadde vi tenkt å gå til topps frå nordsida av Nordre, men p.g.a. mykje nysnø og  solfonner i området ombestemte vi oss.  Vi gjekk opp heilt inntil fjellet på venstre/søre sida av toppen.  Bratt var der, men turen opp gjekks tort sett problemfritt.

024b 026
Foto t.v.: Og skina er på sekkane til desse herrane. Til høgre:  Trond på base camp. (Alle ekspedisjonar har minst ein base camp :))

Under kjem tre foto frå siste del av ruta til topps.

_IGP5904 _IGP5905b 

_IGP5906
Desse tre fotoa over er tatt av Fred Ingar frå toppen av Nordre Grøtdalstind.  Dessverre hadde han stilt inn kameraet  feil når det gjeld kvitbalanse, men  dei tre fotoa viser svært godt at denne toppen absolutt er ein tind. Legg merke till den flotte utsikta.  Fotoet over er tatt mot aust.  Legg også merke til gjelet/renna, Knutrenna, mellom Nordre og Midtre Grøtdalstind på fotoet til venstre.   Knut Riise  (Larsa-Knut) har gått mykje her - difor namnet.

_IGP5910 nytt b
Ein vaksen herre frå svart/kvitt-tida kom seg også til topps.

Onsdag var ein fantastisk dag og i alle høve i starten var snøen tørr, men når varmen frå sola får virke ei stund vert sjølvsagt snøen tyngre og sveitten renn. I kulden om vinteren går det gjerne lite vatn, men for min eigen del gjekk eg tom for vatn rett under toppen.  Lite kjekt så obs., obs. - ta med nok drikke/vatn på fjelltur om våren.  P.s:  Er det no nokon som har eit godt råd mot sveitte og solkrem med høg solfaktor som renn ned i augene og svir noko forferdeleg?

Tidlegare i dag var det ein som nemnde ordet nedrensle til meg.  Eit svært godt uttrykk - langt betre enn nedkøyring.  Så ein del nedrenslefoto må vere med.  Trond imponerte forresten med sitt lette utstyr som er mest laga for å gå oppover med - han dansa seg nedover mest som ein ballettdansar.

040b 044
Lett, fin snø, god utsikt.  På foto til høgre nærmar Fred Ingar seg det området det tyske flyvraket frå krigen ligg.

045b
Lett, fin snø ned mot Grøtdalen.

051b
Trond, ballettdansar og turist, takkar for seg i denne omgangen.

Det var om å gjere å leite opp sider som vende mot nord nedover - her var snøen lett og fin.  I sider som vende mot sør var det sjølvsagt stikk motsett.  Som tidlegare antyda er det altså Knut Riise som har introdusert meg for dette området.  Frå Årskogstøylen og opp til Grøtdalstindane kan det absolutt gåast på ski enno i lang tid framover.

058b 060b
Her renn Fred Ingar ned etter ryggen rett nord for Grøtdalen.

066

067b
Fred Ingar jaktar på sider som vender mot nord.  Og på fotoet under endar denne strekninga med ein spesialsving(?).

068b

082b
Trond nærmar seg Årskogstøylen

Då vi starta turen oppover kunne vi ta på oss skina rett utanfor bildøra.  Vi kunne renne til bildøra då turen var over også - men det ville ikkje vere særleg klokt.  Eit tynt, vått nysnølag på stein er ikkje alltid det beste underlaget for ski.  Likevel, nokre riper i plasten viser berre at skina vert brukt.  Berre ein ting står att:

Takk for ein flott skitur.

P.s.: Søre Grøtdalstind er høgste toppenav dei tre  med sine 1331 m, men er det nokon som kan seie meg kor høg Nordre Grøtdalstind er?