Ein gong i veka reiser Synne, Ingalena, Hanne Marie, Thea, Julie og Karoline på ballettøving i Ørsta. Den siste tida har det vore ekstra mykje øving for å bli klare til forestillinga.
Hanne, Synne og Ingalena dansa i lette sommarkjolar og hadde med seg vindmøller på scena.
Thea, Julie og Karoline var ekorn, og dansa lette steg med innslag av nøttegnaging.
Mange fleire aktørar var med, og det var ei flott framsyning!
Vårshowet er eit årleg høgdepunkt, og det er stor stas med première og roseutdeling til alle dansarane.
Tusen takk til Synnøve og Rick , og dei flinke medhjelparane ved ballettskulen!
No gler vi oss til siste helga i mai då det vert nytt show med jazzballett og hip-hop!
Helsing dei stolte mødrene.
Kommentarar