X2- festivalen i april kvart år har utvikla seg til å verte eitt av dei viktigaste arrangementa i Volda/Ørsta. Det starta med ski, men no har X2 utvikla seg og har fått fleire arrangement. Klikk her.

Xfree er for dei mest dristige og vart allereie fullteikna kort tid etter at det vart opna for påmelding.  Her skal ski- og brettkøyrarane  renne ned eitt av dei bratte gjela/rennene frå Nordre Sætretind, sjå foto under.

025 - Kopi
Frå Nordre Sætretind, tinden litt til høgre for midten av fotoet, skal Xfree-deltakarane renne ned eig av dei bratte gjela rett i mot.  Foto:  Knut Hustad.

Så tek vi med det som i alle fall underteikna vil kalla blodslitet - X2.  Det ligg i namnet, deltakarane skal (nesten) opp på 2 fjell.  Her er eitt arrangement for lag, fredag, og eit for singelgåarar. (laurdag).  På laurdag startar deltakarane på Appelsinhaugen, går opp Insterenna, vender så sørover og går nesten til Nordre Sætretind.  Her riv dei av skifellane og renn ned ei bratt renne.  Sjå foto under.

sløyfe 1
Her ser vi sløyfe ein til X2-deltakarane - opp Insterenna, grønn strek, og ned raud strek. Foto og innteikning av rute:  Stig Helseth

Men X2-deltakarane er slett ikkje ferdig med dette.  Straks dei er nede den bratte renna, må på nytt skifellane festast under skia.  Så går dei i raskast mogleg tempo opp til Appelsinhaugen, vidare opp til- og gjennom Stretet og opp til Kolåstinden.  På nytt må fellane rivast av før dei renn rett ned det bratte brefallet og i mål.  Treng vi nemne at første kvinne/mann ned vinn? (Fellesstart).

Mykje meir kan nemnast, men staden er no Kvanndalen (gå opp frå området ved Standalhytta). 
Dato:  Laurdag 24. april.  Start klokka 11 ved Appelsinhaugen. (Festivalen varer frå torsdag 22.april til søndag 25. april)

Stad for hovudarrangementet:  Appelsinhaugen i Kvanndalen.

Tidlegare har utgangspunktet for X2-festivalen vore Saudehornet/Nivane, men arrangementet er altså i år flytta til eit tøffare område - eit av dei tøffaste alpine områda vi har på Sunnmøre.  Her vil du oppleve musikk, pølsegrilling, flagg, sveitte, helikopter og stor stemning.  Har du ikkje vore i Kvanndalen før må du få med deg dette.  Det tek omntrent timen med ski opp dit frå Standalhytta.

Det er enno ikkje for seint å melde seg på til sjølve X2.  Klikk her dersom du vil ha meir informasjon, eller vil lese meir.  Og berre så det er nemnt:  Bondalingen Terje Stokke er Xfree-general.

                                  -------------------------