I underteikna sin barndom og ungdom var påska både kortare og meir alvorleg enn no. Påska starta rett nok med Palmesøndag, men dei tre neste kvardagane var arbeidsdagar.  Langfredag var ein trist dag og det var lite underhaldning på NRK Radio.  Men 1. påskedag ordna det meste seg og dei eldste starta å seie God påske til kvarandre.

No er det annleis.  Fleire og fleire veit knapt kvifor vi feirar påske og vi seier God påske til kvarandre sjølv på Langfredag. Mi oppfatning er at mange set stor pris på påska fordi det er mindre "styr" med denne høgtida enn jul. Kven bryr seg vel med å bake småkaker og lefse til påske? Og ikkje minst - vi slepp desse hersens gåvene.

Dagens spørsmål no ved påskeslutt er kort og godt:  Kva er kjekkast med påskehøgtida? 

IMGP9887 kopi
Er det påskerebusen på Sæbø som er kjekkast med påskehøgtida?

Legg gjerne att ein kommentar i feltet under, eller bruk meiningsmålingsfeltet.  Dette må vi finne ut av.