Idag søndag 25.april, var foreldre og konfirmantar samla i Hjørundfjord kyrkje til siste gudsteneste før konfirmasjonsdagen den 2. mai.

Kjemien mellom dei unge og Sokneprest Rolf Dyrhol er svært god. Dette fekk foreldra eit godt bevis for, i samkome etter gudstenesta på Bedehuset. Her hadde Hjørundfjord Sokneråd og foreldra laga til kaffi og mat og presten stod for ein god informasjon om konfirmasjonsdagen og litt underhaldning.

Praktiske ting vart drøfta og no står det att litt finpuss for presten ilag med konfirmantane på fyrstkomande torsdag, og dermed er årskullet på 9, klar for prestehanda søndag 2.mai kl.11.00. Og sokneprest Rolf Dyrhol er ferdig med det fyrste konfirmantkullet som sokneprest i Hjørundfjord sokn.

Konfirmantar 2010

Fv.: Sindre Oksavik Brautaset, Kjetil Rekkedal, Sondre Rem Brautaset, Malene Hurlen Aklestad, Lisabel Hustad Øvrelid, Elena Andrea Kvistad Hustad, Jon Einar Flatnes,  Sondre Kristoffer Mo. Elen Maria  Holen var ikkje til stades