Hausten 2009 starta praten å gå mellom kollegaene på verkstaden til Møre Auto i Volda, og sjåførar i Fjord1 Buss Møre; no var det snart 2 år sidan forrige Stjernetur, der vi fekk sett og lært om både nytt og gamalt innan Mercedes-Benz si omfattande verksemd. Dette var ein tur som ga meirsmak, men vi trudde vel gjerne vi hadde sett det meste når vi hadde vore innom både lastebilproduksjon i Wörth, personbilproduksjon i Sindelfingen, motorfabrikk og Mercedes-Benz Museum i Untertürkheim og Oldtimercenteret i Fellbach.

Ein ting stod att etter forrige tur, og det var bussproduksjonen innan Mercedes-systemet, eller EvoBus, som bussprodusenten offisielt heiter. (www.evobus.com) Denne gongen trengde ikkje dei turinteresserte tenkje seg om eingong: Meldinga var klar – lag tur til bussfabrikkane, prisen er sikkert heilt grei! Kåre Karlsen vart konsultert om idéar til tilleggsopplevingar, og sidan sist visste vi at Aud Torill Trangsrud hos Bertel O. Steen jobba med å lage kunde- og gruppeturar til Tyskland. Dermed vart epost med ønskjeliste raskt sendt avgarde til Lørenskog!

013
”Wangsgutane” er klare for avgang til Frankfurt med SAS. Henning Aarsæther, Ørsta og Frode Wangen, mekanikar ved Møre Auto i Volda.

Avreisa for årets tur vart lagt med flyavgang på ettermiddag, og utan program første dag ved ankomst. Dermed kunne alle dei 21 forventningsfulle starte turen i behageleg tid på døgnet, onsdag 3. februar. Denne gongen hadde vi invitert med Mercedes-bussfolket frå Fræna i Romsdal. Då dei las reiseskildring frå vår forrige og meir interne kollegatur hadde dei felt tårer, for dette var ”midt i fatet” for desse heilfrelste entusiastane og Mercedes-kjennarane.

Flya var i rute denne vinterdagen, og vi ankom den mektige lufthamna i Frankfurt heilt etter skjema. Forrige tur var vi såpass få at vi fekk plass i to minibussar som vi køyrde sjøl. Når vi no måtte ha tre minibussar for å fylle tyske krav (maks. 8 personar i tysk køyretøy køyrd av utanlandsk sjåfør i Tyskland), fann vi ut at prisauken for å leige buss med sjåfør vart relativt liten. Dermed fekk vi alle reise samla i same køyretøy, og vi kunne vere sikre på at køyretøyet vårt hadde det rette opphav – altså eit Stjerneprodukt. Sist gong fekk vi utlevert minibussar med opphav i Rüsselsheim, og det kunne vi ikkje risikere oppatt. Med heimekjær og stadbunden GPS i minne frå turen for to år sidan, var vi glade også for å sleppe å ha ansvaret for navigeringa sjøl.

153
122
Vår omvisar ved Werk Mannheim og vår skyss under turen – Ralf Schmidt med Travego frå Sippel-Travel. Gruppa er klare for velkomsten i informasjonsavdelinga ved Werk Mannheim.

Vår sjåfør på turen var Ralf Schmidt frå Sippel-Travel, som stilte med Mercedes Travego – vi var i gode hender! (http://www.sippel.net/SITEFORUM?t=/contentManager/selectCatalog&e=UTF-8&i=1238419409846&l=1&ParentID=1232119038463&active=no)  Etter ein knapp time var vi framme ved Maritim Hotel Mannheim, og trønderen i gruppa hadde vore svolten i denne byen før, så han fann raskt fram til ein tysk tradisjonsrestaurant der han hadde vore gjest før. Dei laga plass til oss utan at vi hadde bestilt bord, trass i at kvelden ikkje lenger var heilt ung, og det var godt besøk der frå før. Vi var snart mette og klare for ei god natt forut for programstart neste morgon.

Werk Mannheim

IMG_5313
150
Vår omvisar ved Werk Mannheim viser stolt fram ein Mercedes-Benz LO3500 med foldetak. Leif Jon Masdal frå Fjord1 Buss Møre studerer detaljane. Ein staseleg Mercedes-Benz Travego ventar på at kjøparen skal hente den. Leveransehallen ved Werk Mannheim.

Torsdagen starta med kort transport til EvoBus Werk Mannheim – den kanskje mest tradisjonsrike bussfabrikken i Mercedes-Benz si historie. Som alltid var mottaksapparatet svært velfungerande og gjestfritt, informativ velkomst med ein svært kunnskapsrik omvisar som hadde arbeidt her som ingeniør. Fabrikken fekk vi inngåande kjennskap til, for omvisaren vår ville vise oss alle funksjonar og operasjonar som vart gjort her. For mange av oss var det ei overrasking at det kun vart bygt ein bussmodell ferdig ved denne fabrikken. Det var bybussen Citaro som det er slik etterspurnad etter, at EvoBus nyttar all tilgjengeleg kapasitet til produksjon av denne storsuksessmodellen. Resten av produksjonskapasiteten går til rammeverkproduksjon til karosseria for dei større bussmodellane. Desse karosseriskjeletta skulle vi få møte att dagen etter, for dei vert sende med jernbane til den enorme bussfabrikken i Neu-Ulm for ferdigstilling. Før vi forlet fabrikklokala, fekk vi sjå det digre kataphorese-anlegget der heile karosserirammeverket vert duppa i eit katodisk bad og påført korrosjonshemmande stoff som festar seg til metallet gjennom elektriske prosessar i stoffet i bad-tankane.

Vi var lovde lunsj ved Werk Mannheim, men den trudde vi nesten ville ryke. Vår omvisar var så entusiastisk og ivrig at turen gjennom fabrikken tok om lag ein time meir enn berekna. Men lunsj vart det, og god var den! Etter maten hadde vi sett oss ut eit ”showroom” der vi såg nokre veteranar vi berre måtte ta ein nærare kikk på, og få festa på minnebrikkene. Deretter sette vi kursen mot Ladenburg, men vi hadde ein liten ting vi måtte ordne undervegs…

Tilgodelappen

Vår gode kollega Jostein Kvistad aus Sæbø, Norwegen hadde ein gong i tida kjøpt ei klokke til sin biljuvel av ein Ponton-Mercedes 180 B som vart heilrenovert i Freiburg i Sør-Tyskland for ein del år sidan. Denne klokka vart kjøpt frå eit bildelfirma som spesialiserer seg på deler til eldre Mercedes-Benz: Heinrich E. Niemöller i Markircher Strasse i utkanten av Mannheim. No hadde det seg slik at klokka som kom frå Niemöller ikkje heilt heldt den standarden dei er vande med i Kvistad Auto, så den vart det klaga på, og tilgodelapp vart tilsendt.

158
”Årgangs-tilgodelapp” vert overlevert hos Niemöller i Mannheim. Tilgodehavar Kvistad heilt til høgre.

Bussen vår svinga opp framfor Niemöller si forretning, og inn i det beskjedne kundemottaket toga 8-10 mann som ville få med seg innløysinga av den gjennom åra mykje omtala tilgodelappen. Den var nemleg såpass tilårskomen at Tyskland i mellomtida m.a. har skifta valuta – på lappen gjekk det i den gode, gamle Deutsche Mark! Den unge mannen som skulle ekspedere var berre så vidt fødd då tilgodelappen vart utskriven, så han stussa veldig på dette. Etter å ha funne ut kva deler Jostein no var ute etter, og henta dei fram frå lageret, måtte han opp på kontoret til sjefen for å høyre kva dei skulle gjere med das Gutschein frå ”gamle dager”. Etter ei stund kom han nedatt i svært godt humør og lovte Jostein eksosrøra tilsendt fraktfritt og inntolla til gamlelandet. I tillegg var plutseleg dei relativt dyre delekatalogane som nokre av oss hadde plukka ut for våre veterane Mercedesar blitt heilt gratis. Men ein ting var heilt klart; Niemöller ville gjerne ha att den vel vakta tilgodelappen – sjøl om Jostein betalte litt for delene han kjøpte. Mest truleg heng tilgodelappen no med påteikna innleveringsdato på sjefen sitt kontor!!! (http://www.niemoeller.de/)

Automuseum Dr. Carl Benz

I godt humør etter det vellukka besøket hos Niemöller, ankom vi byen Ladenburg og bilmuseet som ligg i dei første fabrikklokala som Carl Benz førte opp – eigentleg som motorfabrikk – då bilen føddes gjennom samarbeidet med Gottlieb Daimler. Ein føler litt ærefrykt når ein er på slik bilhistorisk grunn! Museet vert drive privat av familien Seidel, og her er mykje forskjellig å sjå – ikkje berre Mercedes-Benz-produkt.

IMG_5323
Frå Automuseum Dr. Carl Benz i Ladenburg.

Utstillinga inneheld mykje ”krydder” i form av rekvisita, skilt, bensinpumper, ein god del motorsport-relaterte vogner, og ulike merke og modellar frå dei siste 100 år. Utstillinga var i grunnen litt uventa oppbygt – vi hadde vel venta meir Stjernerelatert materiell. For å få absolutt utbyte av eit besøk her, bør ein nok ha meir detaljert omvisning enn det vi hadde avtalt. Her var mange utstillingsobjekt som det sikkert knytte seg svært interessante historier til.

På kjende trakter

I vårt opprinnelege program var det no tenkt at vi skulle reist til Ulm for to overnattingar der. Men vår tur var produsert gjennom besøksavdelinga hos Daimler AG i Stuttgart, og der hadde dei sjølsagt full oversikt over lokale tilhøve – heldigvis. For i Ulm hadde det i vinter blussa opp ein alvorleg Legionella-epidemi som hadde teke fleire liv. Kjelda var framleis ukjent. Det vart dermed foreslått at vi skulle overnatte to netter i Stuttgart i staden, og heller ta besøket på bussfabrikken i Neu-Ulm som ei utflukt dit. Vi sette difor kursen mot Stuttgart og hotellet som vi kjende frå forrige tur; det rolege, men sentralt plasserte Hotel Wartburg. Her var trangt nok om plassen sjøl for minibussar, så Ralf fekk prøvd manøvreringsevnene sine for å få Travegoen gjennom kvartalet nedanfor hotellet.

062
Mykje god mat og drikke på turen. Her frå kantina ved Evobus Neu-Ulm.

Vi var sjølsagt svoltne igjen, og i det sentrale Stuttgart kjende vi oss som heime. Restaurant Ratskeller tok imot og serverte mykje godt av både mat og drikke. Då hadde nokre av oss prøvd ut pølsekiosk-tilbodet i sentrumsgatene allereie, og tyske pølser er som tyske bilar – tufta på god kvalitet, god smak, og gjer godt for kropp og sjel! Dei som har greie på det, vil nok seie at det same gjeld tysk øl!

Besøk hos ”Setra”

Fredag morgon og avreise mot Ulm. Her var bussfabrikken til tidl. Kässbohrer – produsenten av m.a. lastebiltilhengarar, trakkemaskiner, og bussmerket Setra (http://setra.de/#/de/brand/tradition) dagens mål. Bussturen gjekk gjennom eit dalføre som leia oss over eit høgdedrag, og her kunne det nok vere problematisk for tungtrafikken på snøglatte vegar. Austover mot Ulm låg det snø på markane – den såg vi lite til elles på turen. I Ulm sentrum låg det gamle Kässbohrer-anlegget, og der var det no opplæringssenter i EvoBus-konsernet. Det nye produksjonsanlegget ligg i Neu-Ulm, i eit stort næringsområde. Kor stort produksjonsområdet til EvoBus var, fekk vi eit innblikk i gjennom guida busstur utandørs mellom eit utal produksjonshallar og digre bygningar. Ved jernbanelinja inn på området såg vi att karosseriskjeletta som var transporterte på tog frå Werk Mannheim.

204
Dette vart det nok buss av etterkvart. Ferdigbada karosseriskjelett er komne til Evobus i Neu-Ulm for ferdigbygging.

Den innvendige omvisninga vart starta med ei orientering og film frå lakkverkstaden på området. Det var nemleg den einaste staden vi ikkje kunne besøke. Vi fekk vite kor mange fotballbaner området og produksjonhallane utgjorde i areal, og på hovedbygget var det solcellepanel på heile taket – dermed fekk ein gratis straum til ein del operasjonar i produksjonen. Dette nye anlegget var bygt i 1993 av Kässbohrer-konsernet. Men satsinga og kostnadane var svært store, og bankane kravde at Kässbohrer fann ein strategisk samarbeidspartnar for å styrke den finansielle stillinga. Ein gjekk runder med fleire potensielle partar, men det vart Daimler AG som vart den partnaren ein valde. Seinare har Kässbohrer fusjonert inn i EvoBus, men produktnamnet Setra står framleis stødig som eit veletablert og vel ansett varemerke i bussverda. Kässbohrer var den første til å konstruere bussar med sjølberande karosseri i 1951. Namnet Setra er ei samandraging av ordet SElbstTRAgend (sjølberande). Dette nye konstruksjonsprinsippet ga store tekniske moglegheiter, og Otto Kässbohrer presenterte i 1952 verdas første leddbuss.

 

 Første stopp i den enorme fabrikken var stolproduksjonsavdelinga. For oss som har vore på bedriftsbesøk hos Ekornes i Sykkylven nokre gongar, fann vi mange likheiter. Det lukta møbelfabrikk, det var tempo, velorganiserte produksjonslokale, og mykje robotar i produksjonslinjene. Eit utruleg sortiment av stoltypar, og uante valgmoglegheiter innan stofftyper og skinnvariantar.

IMG_5332 IMG_5336
Den første buss frå Die Kässbohrer Fahrzeugwerke. 1911-modell Saurer. Frå utstillingshallen ved Evobus i Neu-Ulm. Flotte Setra til eit kvart høve!

Produksjonhallane var enorme. Vi gjekk nok nokre kilometer i løpet av besøket. Den eine bussen flottare, høgare, eller lengre enn den andre. Men også meir ordinære modellar i alle stadier av ferdigstilling. Både den eine og den andre av oss fann nok ein buss som vi godt kunne ha tenkt seg som investering og arbeidsplass! Fargesprakande og med utruleg mange farge- og logodesign på dei flotte bussane. Her var tydelegvis enorme mengder kundar å lakke for, så variasjonen var stor. Desto meir interessant å sjå! Vi avslutta omvisninga i fabrikken med ein god lunsj i ei flott kantine.

Det aller heilagste!

Så var turen komen til Setra-museum. Det offisielle Setra-museet låg i Ulm sentrum. Men vi forstod raskt at det ikkje var dit vi skulle. Gjennom eit anna fabrikkområde kom vi fram til ein trang passasje for bussen. Her kom vi til eit noko eldre garasjehallanlegg, og vi var litt i stuss på kva vi skulle her. Men så låste vår hyggelege omvisar opp porten… og der fekk vi sjå…   ja, nokre vil seie at å gå inn i Taj Mahal i Agra er ei stor oppleving – men dette stod ikkje tilbake for noko!!! Heldigvis hadde våre tilretteleggarar for turen forstått at vi var meir interesserte i historisk vognmateriell enn ”berre” gamle bilde og tekster i eit utstillingslokale. Dette var det aller heilagste vi fekk kome inn i: Her hadde Kässbohrer-pensjonistane utstilt sine klenodier – formfullendte karosseri med runde, gode former som berre Kässbohrer kunne designe dei! Små og store bussar, heilt frå dei tidlege modellane med Henschel-motorar. Setra med Henschel-motor var standarden frå start av. Men også ein mektig Mercedes-Benz O3500 med originalsnute frå tidlege tider i produksjonen trona flott i lokalet.

IMG_5343
IMG_5346
Ein stornøgd reiseleiar i det aller heilagste hos Kässbohrer-pensjonistane i Neu-Ulm. Klassikarar av Setra-bussar på rekke og rad. Kjentmann og co-idémakar for turen, Kåre Karlsen frå Nettbuss Trøndelag, har funne ein mektig Mercedes-Benz O3500 med Kässbohrer-karosseri.

Om det var Hr. Hoppe i besøksavdelinga til Daimler AG, eller vår eminente guide i Neu-Ulm som fekk losa oss til dette meir ”uoffisielle” Setra Museum er uvisst. Men vi vil uansett takke særskilt for at vi fekk oppleve denne flotte samlinga – dette fall fullstendig i smak hos vår gruppe, der dei fleste er busshistorisk interesserte!

Nok ei overrasking

Turen gjekk no vestover att, men litt sørvest for Stuttgart. I Böblingen skulle vi oppleve eit nytt veteranbilsenter for Stuttgart og omegn; ”Meilenwerk” (”Mil-fabrikken” – forum for køyrekultur). Det viste seg at vi hadde vore i området før, for frå Meilenwerk kunne vi sjå dei store produksjonshallane i Werk Sindelfingen, der vi var på fabrikkbesøk for to år sidan. Men då var ikkje Meilenwerk opna, det skjedde faktisk så nyleg som hausten 2009. På dette området var det flyplass før, og mykje av bygningsmassen var det tidlegare terminalanlegget.

IMG_5377
IMG_5381
Arne-Jan Vollsund frå Fjord1 Buss Møre framfor etasje-carportane og vinterlagra sportsbilar på Meilenwerk i Böblingen/Stuttgart. Bilpleie, verkstadar, rekvisitabutikkar… Meilenwerk har det meste ein velhalden bilentusiast kan ønskje seg.
IMG_5386
IMG_5388
Sigmund Vatne, verksmeister ved Møre Auto i Volda, Kåre Karlsen, ”vognmann” ved Nettbuss Trøndelag, og Jan Kjetil Kolberg, sjåfør ved Nettbuss Møre i Molde, i ein eksklusiv bruktbilbutikk i Meilenwerk. V8 Hotel i Meilenwerk – fristande namn…

Vi visste ikkje heilt kva vi gjekk til, og trudde det var ei samling av klubblokale for diverse merkeklubbar, men dette var heilprofesjonelt og –kommersielt til trass for at det var gratis inngang. Men elles kosta det meste… mykje… Masse flott å sjå, både bilmateriellet som var til utstilling/vinterlagring, og det som var til leige og til sals. Det må følest godt å vere bil i slike miljø!

Det er pr. i dag 3 slike Meilenwerk-senter i Tyskland; eitt i Berlin, eitt i Düsseldorf, og så dette yngste i Stuttgart-regionen. (www.meilenwerk.de)

Dagen vart avslutta i downtown Stuttgart med ein artig middag i ein restaurant som ein kollega hadde plukka ut på byvandringa si. Her var det meir enn lammelår å få… ”latino-ompa” og høg stemning!

Technik Museum Speyer

Laurdag morgon sette vi kursen nordover mot byen Speyer, der ein finn eitt av dei to ”tvilling-teknisk musea” – vi hadde besøkt det andre i Sinsheim på vår forrige tur. (http://www.technik-museum.de/) Desse to muséa har omtrent alt av tekniske framkomstmiddel, og meir til. Vi kunne klatre ned i ein ubåt, gå gjennom dei trange gangane og roma i den digre sigaren, og få eit innblikk i kva miljø dei jobbar i, dei som er mannskap på ubåt. Underteikna fann her ut at truleg er dei fleste ubåtmannskap av det slanke slaget – det må iallfall vere ein stor fordel! Fly og russisk romferje(!), tog og bilar av dei fleste typar. Kinesisk, moderne lastebiltrekkvogn hadde fått plass i utstillinga, i lag med 70-tals svevebane-vogn frå Krauss-Maffei.

IMG_5405
IMG_5406
Mykje vakkert å sjå i Technik Museum Speyer. Ikkje alle stader ein får sjå inn i ei romferje! Russisk romferje ved Technik Museum Speyer.
IMG_5419
IMG_5420
Denne har nok vore i rettare element enn friluft tidlegare. Ikkje for folk med brei midje og godt livmål, nei…!

Som avslutning på besøket her, hadde vi billett til framsyning i IMAX Dome. Dette er ikkje ein vanleg kino, men eit panorama-projiseringsanlegg som vert vist i ein kuppel i taket. Ein sit godt tilbakelent i eit bratt amfi, og så vert det vist dei mest fantastiske bilde i den enorme kuppelen. Dette var noko anna enn ein vanleg, norsk kinosal!

Speyer er ein koseleg, svært gamal by ved Rhinen. Byen var den nordvestlege spydspiss (som har gjeve namnet til byen) i Romarriket, og Speyer har ei godt over 2000 år gamal historie!

Lyseslokkaren i Speyer

Etter nok ein kjempemiddag, denne gongen i husbryggeriet til det ærverdige Hotel Domhof der vi budde siste natta, var det klart for ein liten spasertur på byen. Ei brei, brusteinslagt hovedgate gjennom eit ærverdig sentrum var kun trafikert av bybussar som rulla roleg i god frekvens. Her var god plass til gåande, og mange stader å få kvilt beina og leska strupene. Ein del av gruppa fann ein bar i andre etasje rett ved det gamle bymur-tårnet, så denne plassen var lett å finne. Ein etternølar vart dirigert pr. telefon medan han gjekk dit i lag med ein likesinna. Ved ankomst såg vi at noko hadde skjedd, og det var rett før vår kjære kollega hadde gått ned for telling – ei gatelykt hadde kome i vegen for han! Så når overskrifta antyda ein Stjernesmell, så var det her den kom inn i bildet! Ein må nok skrive dette på kontoen for hendelege trafikkuhell (her med gåande trafikant), for den tilskadekomne var den einaste fråhaldsmannen i gruppa, og kan ikkje skulde på alkoholen som årsak til feilmanøvreringa.

IMG_5423
Klar for byvandring i Speyer; Magnar Aklestad, Karl Olav Johansen, Arne-Jan Vollsund, Jostein Kvistad, Kåre Karlsen, Sigmund Vatne og Håkon Hagen.

Vi har høyrt om Ringaren i Notre Dame, men Lyseslokkaren i Speyer hadde vi ikkje kjennskap til. Då vi kom ut på gata att, såg vi at heile den lange rekka med gatelys stilig lyste opp den flotte bygata – alle bortsett frå ei lampe; der vår mann hadde gått seg rett på lysmasta og sløkt eine lampa! Det må no forresten vere einaste gongen i historia at den omtalte personen kan seiast å ha vore ein lyseslokkar – som regel er det stikk motsett!!!

Heimreise

Søndag morgon opprann med domkyrkjeklokker som spela opp. Turdeltakarane frå Sæbø kjende seg som heime, der dei som regel vert rivne ut av søvnen når kyrkjeklokka slår søndag formiddag. Etter gruppebilde på rådhusplassen i Speyer, var det klart for siste bussetappe til flyplassen i Frankfurt. Ralf hadde fortalt oss at busselskapet skulle kjøpe ny buss som han skulle overta om nokre veker. Dette skulle vere ein Volvo, så vi var svært rause med tipsen då vi skildest på flyplassen; ikkje for at vi hadde så god råd, men fordi vi følte så med han som måtte gå frå å vere Mercedes-bussjåfør til å skulle køyre rundt i ei ”svensk skogsmaskin”. Ralf ga seg ende over når vi antyda at han måtte spare pengane til krisepsykiatri eller kanskje også fysioterapi når han skifta merke. Han begynte visst å tvile på heile bussbytet, men kunne forsikre oss om at dersom vi kom att på ny tur, så skulle han meir enn gjerne køyre oss – og han lovte å stille med Mercedes-buss, som det framleis skulle finnast ein god del av i busselskapet.

Så var det ut i periferien på flyplassen, der vi gjekk om bord i SAS-flyet. Litt av eit system å halde i gang, ein slik stor flyplass. Det er eigentleg utruleg at det meste av folk og bagasje kjem til rett stad og rett tid, når ein ser omfanget av trafikken her. Etter ei relativt kort mellomlanding på Gardermoen, gjekk turen heimover til skodde og meir snø. Men ein nydeleg solnedgang i skoddehavet var flott å sjå frå flysetet. Vi avslutta i fin stil frå Vigra til Moa i tidlegare Gauldal Billag-buss; ein kort Mercedes O303 som Dagfinn Malmedal i Fræna no står som eigar av.

418
Gruppa er klar for å starte heimreisa frå Speyer. Dei deltakande var: Bakre rekke f.v: Jon Magnus Hovdenakk, Dagfinn Malmedal, Kåre Karlsen, Nils Inge Aarsæther, Frode Wangen, Jan Kjetil Kolberg, Henning Aarsæther, sjåfør Ralf Schmidt, Kurt Kvitle, Henrik I. Vatne, Torgny Idar Håseth, Sigmund Vatne, Håkon R. Hagen, Bjørn Seterbakken, Leif Jon Masdal, Lars Petter Strandmann, Magnar Aklestad. Fremre rekke f.v: Karl Olav Johansen, Gunnar Malmedal, Ola A. Rangsæter, Arne-Jan Vollsund, Jostein Kvistad.

Anbefaling

Ein slik kollega-/kamerattur kan så absolutt anbefalast. Slik vert ein kjend også utanom det reint kollegiale, og når ein kan reise midt på hardaste vinteren slik vi gjorde, så kortar ein ned vintersesongen med ei lita veke. Det gjer mon når ein er komen så langt som til februar, sjøl om vi ikkje reiser etter sommar og sol. Dersom ein kan omvende ein Volvo-tilhengar eller to, så har reisa gitt ekstra verdi på den måten også!

Einaste utfordringa no er at vi har fått med oss så mykje av det mest sjåverdige i Mannheim/Ladenburg, Stuttgart/Sindelfingen, Wörth og Ulm, at kva skal vi satse på neste gong vi får utferdstrang? Vel, noko skal vi nok finne på!

Tyskland er eit flott bil-land med mange interessante museum å besøke, og Daimler AG – eller Mercedes-Benz som vi helst kallar dei – er førsteklasses vertskap og har dei mest utsøkte besøksmål for genuine bilentusiastar. Vi takkar så mykje for oss der vi vart mottekne, og ei stor takk til dei profesjonelle turtilretteleggarane Aud Torill Trangsrud hos Bertel O. Steen, og Torsten Hoppe hos Daimler AG!

Med beste helsing

Ola A. Rangsæter, reiseleiar og ferdaskald

for deltakarane frå Fjord1 Buss Møre/Møre Auto/m.fl.

 

 

Bilde: Kåre Karlsen og Ola A. Rangsæter (Bilda kan klikkast på for stor versjon)