Påsketur II. Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon. Det vert mest foto denne gongen også, men eg har tenkt å prøve meg med litt innraming så vi får sjå korleis det går.
Jakob ved inngangen til Kvanndalen. Det nye hyttefeltet på Standaleidet ligg nede til venstre |
Måndagskvelden/natt til tysdag kom det eit 10 - 15 cm nysnølag, med andre ein rett dag til å vitje tinden som Slingsby omtalar slik, i følgje boka "Skiturar i Sunnmørsalpane": "Kjølaastind er kongen på vestre Sunnmøre og dertil det mest praktfulle fjell i heile Sunnmørsalpane". Jakob (Hustad) 15, fekk sin første tur på toppen denne dagen.
Lill, lengst bak, og Jakob klar for neste etappe - Stretet. Stretet ligg bak toppen til venstre. |
Etter Appelsinhaugen var det etappen opp til Stretet, dvs. porten/det smale passet gjennom egga og inn på Kolåstindbreen, som stod på programmet. Det var heller ikkje skredfare her, men fleire fekk likevel problem i den bratte sidehellinga inn mot Stretet. Problemet var her eit svært hardt underlag i dette skuggepartiet. Nysnølaget på toppen hjalp heller ikkje noko særleg. Etter kvart var det nok flesteparten som bar opp skiene her.
Men problema på nordsida av Stretet vert fort gløymt når ein ser gjennom porten/passet og har Kolåstinden rett i mot. Fotografering høyrer sjølvsagt til her før ein tek skiene fatt på nytt og går siste etappen mot toppen. Det bør sikkert også nemnast at breen har mist svært så mange kubikk med is siste åra. I år er det også lite snø på breen og dermed vert det ei litt bratt nedkøyring til breen rett etter Stretet, men ingen problem her.
10 skigåarar, pluss fotografen, har akkurat passert Stretet og er klar for toppen. |
Så er vi rett under toppen og gode snøforhold her gjer at dei fleste går med ski over den kjende sprekka og heilt til topps - nesten. Men ein elegant telemarkkøyrar, eg veit diverre ikkje kven han er, har teke med skiene heilt opp. Sjå under.
Jakob gjer seg klar til å gå dei siste bratte metrane mot toppen . Legg merke til herren med ski på beina. | I farta. Biletet lyg - her er svært bratt... |
Fleire kvidde seg nok for nedturen p.g.a. problema på nordsida av Stretet, men vi hadde bestemt oss for å renne ned brefallet. Og det gjorde vi - rett nok ein litt defansiv variant (vi køyrde ned ein stad mellom Tinden og Stretet) p.g.a. nokre sprekker som var lite tildekte med snø. Eg vil tru at dei fleste som var på toppen denne dagen tok same vegen ned. Om vi angra på den ruta? Sjå under.
Lill |
Jakob, første gang på Kolåstinden, første gang ned brefallet. |
Ronny, kven elles? Klikkar du på fotoet ser du sikkert smilet hans. |
Tusen takk for turen Lill, Helge, Ronny, Olav og Jakob - og minst 25 andre, flest frå Ålesund. Hyggeleg var det også igjen å få helse på musikarekteparet Hanne Kristin og Bård Dahle.
Kommentarar
Og Nordsida av Stretet var då, mildt sagt, forferdeleg å forsere på ski. Steinhardt!
Men ein fantastisk flott tur, til tross for dønn rotten snø på nedturen. Blei ingen elegante svingar for damer med gamle beksemsko.
Trine likte overraskinga veldig godt, sporty og sprek som ho er :-)