Rune og Haldis Fiskå Mo reiste til Tyrkia på ferie ilag med Pål Børre og Anne Grethe Barstad frå Barstadvika, forrige måndag. Turen gjekk til Kemar i nærheita av Antalia der dei to frå Barstadvika eig ei leiligheit.
Leiligheita til Pål Børre og Anne Grethe Barstad ligg i eit kompleks som heiter Viking City i Kemar.
Dei har hatt ei fin veke med overkant av 20 grader og oppmot 30 talet. Ferien har vore ekstra fin og spesielt fin når dei har fått melding heimafrå om tett snøkave. Men i leiligheita som ellers ikkje mangla nokon ting, var tv´n defekt, og dei har ikkje fått med at det var ein ekstraordinære situasjon i luftfarta. Stor vart bekymringa når det nærma seg helga og dei skulle begynne å undersøkje flyavgong på heimreise og ingen fly gjekk på flyplassen. Reisa har vore heilt privat, så dei har ikkje eit reiseselskap å støtte seg til heller, så no håper dei på det beste og at det er håp i hengande snøre på torsdag for flyavgong.
Haldis og Rune trivst nok godt i symjebassenget i Kemar, men dei skulle ha vore heime på jobb.
Men no er ny tv på plass og dei får kontinuerleg informasjon gjennom telefon og NRK om utviklinga i flyferdselen.
Haldis skulle være på seinvakt idag på Hjørundfjordheimen der ho jobbar, og Rune skulle være på plass på Høgskulen i Volda tysdag morgon, men når ikkje flya går er det for langt frå Tyrkia med noko anna reisemåte for å rekke fram i tide.
Dei fire i Tyrkia helsar heim og har det berre bra, og slepp å tenkje på at dei må flytte ut sidan dei eig husværet sjølve. Vi andre får berre krysse fingrane og håpe vi har dei heime til jul i allefall:-)
Onsdag 21.april
Ekstrem ver i Tyrkia, hagla var neste 1cm i diameter store + det var kraftigt torever så det var farleg å vere ute.
På markedet fekk dei som hadde buder store problemer med øydelggelsar for kjøpmennene. Paraplyseljarane gjorde det bra.
Kommentarar
No vil vi heimatt snarast, sjölv om vi har det fint.
Vet akkurat hvordan dere har det.
Kom hjem fra en noe forlenget påskeferie i California i dag. Vi reiste fra San Francisco onsdag 15.04. og skulle mellomlande i Paris i 2 timer før vi skulle ende på Gardermoen og ta flyet hjem den 16. Denne mellomlandingen endte med 6 netter i Paris. Mye venting, timer i kø og lite informasjon. Vi kom oss fra Paris i går kl. 18.30, og jeg rakk ikke siste flyet til Hovden. Fikk tilbud om hotell og morgenflyet hjem i dag. Valgte heldigvis å ta nattbussen hjem. Kom til flyplassen for å hente bilen kl. 08. 00 og ingen flytrafikk på Hovden.
Selv om det er kjedelig med ufivillig ferie er det nok lurest å vente, reiseselskapet er ansvarlig for å få dere hjem. Noen av de vi reiste med valgte å ta seg hjem på egenhånd. Noen betalte 7000 pr. pers for å komme seg med tog til København. Noen betalte 14000 for leiebil, uten at flyselskap, eller forsikring dekket mer enn flybilletten.
Håper dere kommer dere hjem snart.
Skulla hatt eit møte i trimgruppa Haldis, men skal vi ta det i Tyrkia?
Helsing frå oss på heimen!
Kom oss vel heim i dag etter ei veke ferie på overtid, utkvilde og klar for å ta fatt på kvardagen igjen.