Sæbø har eit fantastisk flott idrettsanlegg som borna våre kan bruke både i skulesamanheng og på fritida.
Idrettslaget har eigen minibuss som gjer at fotball- og handballspelarar vert frakta trygt og sosialt til og frå kampar.
Arrangementet gir store ringverknader, som og omfattar dei næringsdrivande på Sæbø, og har verkeleg plassert Hjørundfjorden på kartet.

I Hjørundfjorden har vi eit ønskje om at fleire skal busetje seg. Siste året har vi fått nokre nye naboar, men her er plass til mange fleire. Ei levande bygd og eit attraktivt idrettsanlegg er slett ikkje dårlege kort for eit lite samfunn som vil ha fleire innbyggjarar!

Gamle maskiner

 

TIL ALLE HUSTANDAR I BONDALEN, SÆBØ, URKE OG ØYE.

 HJØRUNDFJORDDAGANE 2010     -     5. OG 6. JUNI PÅ SÆBØ

 

Kjære Hjørundfjordingar!

No er det snart tid for Hjørundfjorddagane att. I år vert dei arrangert 5. og 6. juni.

Nemnda for Dagane har programmet klart, det vert svært variert underhaldning frå scena, dette kjem vi snart tilbake til gjennom oppslag i media.

Vi har fått tak i flotte utstillarar, stor variasjon innan kunst, oppleving, formidling, brukskunst, flotte strikka og tova kle m.m. Monge av utstillarane er nye for Hjørundfjorddagane.

Vi skal og få til ulike aktivitetar for born.

I år er friluftsliv hovudtema på Hjørundfjorddagane.

I den samanheng vert det mellom anna ein debatt om villaksen som har vorte borte. Profilerte debattantar tek del i den.

2010 er Internasjonalt leseår, det skal også markerast.

For at vi skal greie å lage til Hjørundfjorddagane treng vi di hjelp.

Dersom du veit at du ikkje kan hjelpe til på Hjørundfjorddagane, ta snarast kontakt med Kari Stokke  på 915 69 591 (helst SMS), eller e-post kst@hivolda.no

For deg som har helgavakt, sei ifrå kva vakt du kan jobbe.

Stod du ikkje på arbeidslista i fjor, ta kontakt med Kari Stokke og sei ifrå kva tid du kan stille.

Det kjem til å vere mykje folk, så vi treng all hjelp vi kan få.

I år vert det ikkje underhaldning og servering i teltet på laurdagskvelden, så ingen må jobbe på kveldstid laurdag. Då kan vi heller gå på konsert i kyrkja med Ytre Suløens Jazz-ensemble og Tricia Boutté,  eller på Hotell Sagafjord for å treffe kjentfolk.

 Sei ifrå til Kari Stokke innan 7.mai.

 

Med venleg helsing,

Nemnda for Hjørundfjorddagane 2010.

Synnøve Rekkedal Hill

Kari Stokke

Arne Lied

Halldis Fiskå Mo