Sist onsdag var Google-bilen på Sæbø.  Informerte kjelder veit å fortelje at denne bilen var på Sæbø tysdag også, men då hadde han hette over det store kameraet på biltaket.

010
Her ser vi Google-bilen med det store kameraet - utan hette over - på taket.  Bilen er her tydeleg ferdig med oppdraget, vel plassert først i ferjekøa som han er.

No er det ikkje sikkert alle veit kva Google-bilen er for noko.  Her kan det nemnast at Google er den største søkjemotoren i verda på internett.  Har du søkt etter eit eller anna på internett så har du sikkert brukt Google.  Og så har vi Google Earth.  Dette er eit avansert kartsystem over heile verda - eit kartsystem som du fritt kan laste ned. 

Har du lasta ned dette programmet kan du zoome deg inn på kva land du vil og vidare "innover" i landet til ein bestemt stad, ei bestemt øy, ein bestemt by osb., ja, du kan zoome deg heilt ned på gatenivå i t.d. New York - og snart kanskje Sæbø.

Og kva fekk kameraet til Google-bilen med seg?  Ikkje veit eg, men eg la merke til ein velkledd og smilande hagearbeider - Torbjørn Slettedal - og to smilande fruer litt lengre borte i gata - Rannveig Nygjerde og Inger Riise.  Kanskje fekk også bilen fotografert ein Fjord1-buss som stod vel plassert oppe på ein stor stein ved legekontoret?  Vi får berre vente å sjå.