Ørsta kommune v/avdelingssjef Gunnar Wangen inviterer til folkemøte om flodbølgjeproblematikken i Hjørundfjorden som er ei følgje av faren for eit stort fjellskred ved Åkneset og Heggurdaksla i Stranda kommune.

Det vil verte gjeve inforemasjon frå kommunen, frå Åknes/Tafjord Beredskap IKS og frå  Fylkesmannen, m.a. om ny rapport med oppdaterte prognoser for oppskyllingshøgder.

Møtet vert

  • Torsdag 22. april 2010 klokka 2000
  • På klubbhuset til Sæbø IL på Sæbø