Det var tirsdag kveld at leiar i valnemda , Lasse Sæbønes, fekk det gledelege budskapet at Marius takka ja til Stillinga.

Marius er 27 år , busatt i ørsta men legg ikkje skjul på at han skal tilbake til bygda med tid og stunder. Han har spelt fotball på Sæbø i mange år og har etterkvart blitt ein av dei viktigaste spelarane på Sæbø. Han har hatt fleire verv i styret i fotball gruppa men føler no at tida er komen til å ta fatt på litt større oppgåver.

Då portalens representant intervjua marius i går sa han følgande;

Kva visjonar har du for klubben i fritida?

Eg ser føre meg at klubben i framtida skal bli ein mykje større breddeklubb med mange fleire aktivitetar enn dagens tilbod. Mellom anna vil både ski, skøyter og hopp komme på programmet att.  Har og vore i dialog med tidligare sæbø spelar Tor Hallaråker om å få opp eit aktivt bordtennis miljø på Sæbø. Dette er ein sport som er i stor framvekst og satsar vi tidlig no kan sæbø bli ein stor klubb innan bordtennis!

Er det noko du gler/gruer deg til som leiar??

Generelt gler eg meg berre, trur det blir veldi kjekt. Kanskje eg gruar meg litt til styremøta, men det må vere det einaste også.

Til slutt vil heile bygda ønske deg hjarteleg til lukke med ditt nye verv!

For  Hjørundfjordportelen, Alex Riise Olsen

 

Portalens aprilspøk